Sivert er eit mannsnamn som er nyare tysk form av Sigvard som går tilbake til Sieg-ward. Forleddet tyder ‘siger’ og etterleddet ‘vaktar’.

Namnet har fleire variantar: Siver, Sivert.

Namnedag er 2. april. Sigvard har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Sivert

Kulturell bruk

  • Sivert, son til Isak og Inger i «Markens grøde» (1918) av Knut Hamsun.

Kjende personar med namnet Sivert

Eit utval personar med namnet Sivert, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 036 menn i Noreg som hadde Sivert som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 55 gutar som fekk namnet Sivert.

Utvikling i bruk av namnet

Hovudtyngda av dei tyske – og nedertyske – mannsnamna hadde toppfasen sin 1860–1874. Ein god del av dei fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. I tillegg til Sivert – med toppfase 1995–2009 – gjeld dette til dømes Albert, Anton, Didrik, Fredrik, Henrik, Hermann, Jørgen, Konrad, Ludvig, Otto og Wilhelm. Det er mogleg at artisten Sivert Høyem (fødd 1976) har hatt noko å seie for populariteten i nyare tid.

Utvikling i bruk av namnet Sivert frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Sivert frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sivert på 1800-talet.

Sivert var mest brukt i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sivert på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Sivert var mest brukt i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Siverth.)

Historisk bruk av namnet Sivert
Historisk bruk av namnet Sivert
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aasen, Ivar 1878: [Norsk Navnebog eller Samling af Mandsnavne og Kvindenavne]. Kristiania. Ny utgåve og register ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset. Skrifter frå Ivar-Aasen-instituttet 3. Volda 1997.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg