Siver

Artikkelstart

Siver er eit mannsnamn. Det kan vere ein variant av Sivert som går tilbake til det tyske Sieg-ward. Forleddet tyder ‘siger’ og etterleddet ‘vaktar’.

I dialektområde med itakisme, ([i] i staden for [y], til dømes Solør, kan Siver vere ein variant av Syver.

Namnet har fleire variantar: Siver, Sivert.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 100 menn (fødde i Noreg) som hadde Siver som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg