Artikkelstart
Reimund Kvideland var professor i folkloristikk ved Universitetet i Bergen.
Reimund Kvideland var professor i folkloristikk ved Universitetet i Bergen.
Reimund Kvideland var fødd i Høyland (no Sandnes) i Rogaland og døydde i Bergen i Hordaland (no Vestland). Etter studiar i Oslo, København og Frankfurt am Main, tok han magistergraden i folkeminnevitskap, og i 1966 vart han tilsett som universitetslektor i Bergen. Mellom 1991 og 1997 var han direktør for Nordic Institute of Folklore i Åbo.
Som forskar hadde han eit breitt interessefelt: barnetradisjon og samtidstradisjon, men også folkeleg religiøsitet, eventyr og folkelege viser. På mange område var han ein nybrotsmann. I viseforskinga lanserte han til dømes songaktivitet som forskingsfelt, og generelt var han meir interessert i repertoarproblematikk og tradisjonsprosess enn tekstanalyse. I 1971 starta han tidsskriftet Tradisjon, som kom til å leggje hovudvekta på folklore frå notida. Tidsskriftet vart populært langt ut over gruppa av nordiske folkloristar.
Kvideland hadde eit stort fagleg nettverk, særleg i tysktalande land og i USA. Han hadde også mange faglege verv, mellom anna var han president både i Société Internationale d'Ethnologie et de Folklore og i International Society for Folk Narrative Research.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.