Nynorskordboka er ei definisjons- og rettskrivingsordbok for nynorsk som blir gjeve ut av Universitetet i Bergen og Språkrådet.
Første utgåva av ordboka kom i 1986. Det var då 70 år sidan det hadde vore gitt ut ei ordbok for nynorsk. Ordboka vart utarbeidd ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet. Universitetet i Bergen tok over ansvaret for å drifte Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nett i juni 2016, etter at Universitetet i Oslo i 2014 varsla at dei ville leggje ned språksamlingane. Dei digitale ordbøkene er mellom dei mest brukte offentlege oppslagsverka i Noreg.
Arbeidet med ordboka tok til i 1974, etter at Norsk språkråd året før vedtok å utarbeide handordbøker for bokmål og nynorsk i samarbeid med Norsk leksikografisk institutt. Ordbøkene viser offisiell rettskriving og bøying, har opplysningar om uttale, ordhistorie, definisjonar, faste uttrykk og døme på bruk. Stilistiske markeringar er brukte berre i liten mon.
Kjeldetilfanget til den første utgåva av Nynorskordboka kom først og fremst frå dei store ordsamlingane til Norsk Ordbok. Vidare vart det henta tilfang frå ymse ordbøker, større leksikon (særleg Norsk Allkunnebok), offentlege dokument og andre kjelder.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.