Faktaboks

Halldor O. Opedal
Fødd
26. mai 1895, Ullensvang, Vestland
Død
17. januar 1986, Ullensvang
Verke
Lærar og tradisjonssamlar
Familie

Foreldre: Skipper og gardbrukar Ola Kristenson Opedal (1853–1929) og Marta Olsdotter Opedal (1863–1959).

Ugift.

Halldor O. Opedal var ein norsk lærar og folkeminnesamlar. Opedal gjorde ein stor innsats ved innsamling av folketradisjon frå Hardangerbygdene, det meste gitt ut i samlinga Makter og menneske. Han gav òg ut andre skrift om målføre, tradisjon og lokalhistorie.

Bakgrunn

Halldor O. Opedal var fødd i Ullensvang i Hardanger, Hordaland (no Vestland). Etter ein vinter på folkehøgskule tok han lærarskulen på Stord og var lærar fleire stader.

Folkeminner

Opedal voks opp i eit miljø rikt på folkeminne og forteljetradisjon. Han byrja tidleg å skrive ned det han høyrde av gamalt folk i heimegrenda. All fritid gjennom heile livet brukte han til å studere hardangerbygdene, frå Røldal til Varaldsøy og oppsøkte gamle menneske med godt minne og god forteljeevne. Den overveldande mengda tradisjonsstoff han samla, kom ut i bokseriane Makter og menneske og Folk or gamal tid, og ei rekkje einskildbøker. Opedal dyrka ein lokalfarga nynorsk med stor ihuge.

For formuen han bygde opp, reiste han eigne fond som tente målsak og kulturarbeid i Hardanger. Opedal fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1961 og Norsk Kulturråds ærespris for lokalhistorie i 1975. Ei bronsebyste modellert av Oddmund Raudberget vart avduka på Lofthus i 1995.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gard og grend. Heidersskrift til Halldor O. Opedal. Hardanger Folkeminnelag, Utne 1985
  • Hardangerminne. Festskrift til Halldor O. Opedal på 70-årsdagen den 26.mai 1965. Hardanger Historielag,Øystese 1965
  • Oddmund Hus (red.): Halldor O. Opedal. Folkeminnesamlaren og forteljarane hans. Hardanger Folkeminnelag,Kinsarvik2002

Faktaboks

Halldor O. Opedal
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036676007343

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg