Arne Garborg

Arne Garborg var blant dei nynorskforfattarane i Noreg som fekk god omtale i Ny Verd.

Arne Garborg
Av /NTB Scanpix ※.

Ny Verd var ei nynorsk avis utgitt av Vinlands Mållag i USA i perioden 1973–1981.

Etablering

Avisa Ny Verd vart utgitt i New York med Norman Black som redaktør. Første nummeret kom hausten 1973 og kosta 25 cent. Frå 1974 kom avisa ut fire gonger i året, og på det meste hadde avisa 3000 tingarar i USA og Canada. Avisa var eit organ for Vinlands Mållag, der Black var formann.

Drift

Ny Verd vart redigert både på engelsk og norsk. Nyhendestoffet var på engelsk, medan artiklar om norsk språk og litteratur var skrivne på norsk. Redaktøren stod for eit konservativt målsyn og heldt seg til 1938-rettskrivinga i det han skreiv på norsk. I tillegg til nyhende og generelt stoff frå Noreg skreiv avisa om norsk og norskamerikansk kultur.

Black fekk med seg to dugande nynorskskrivarar, Arnfinn Bruflot og Eivind Evans, i redaksjonen. Utanom bladstyraren var Evans den som bidrog mest i avisa. Han publiserte fleire artiklar om den norskamerikanske nynorskforfattaren Jon Norstog frå Telemark. Avisa trykte elles artiklar om norskamerikanske nynorskforfattarar som Knut Knutsen Rudie og Torgeir Edland.

Nynorskforfattarar i Noreg fekk òg god omtale i avisa. Blant anna finn vi artiklar om Kristofer Janson, Steinar Schjøtt, Olaus Fjørtoft, Arne Garborg og Sjur Bygd. Kjende norske forskarar som Lars S. Vikør og Per Amdam bidrog òg.

Som tidlegare norskamerikanske aviser fungerte Ny Verd som eit bindeledd mellom USA og gamlelandet, men med mykje større vekt på målsak, nynorsk språk og litteratur enn tidlegare aviser.

Ny Verd fekk støtte frå bokmålstalande forretningsmenn i New York, men etter ei stund svikta lysingsinntektene, og avisa vende seg til mållag og målfolk i Noreg for økonomisk støtte. Etter kvart svikta også abonnentane, og då redaktøren flytte, gjekk avisa inn.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg