Lars S. Vikør

Faktaboks

Lars S. Vikør

Lars Sigurdsson Vikør

Født
30. april 1946, Orkdal, Trøndelag

Artikkelstart

Lars S. Vikør er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Han er nynorsk leksikograf, språkhistorikar og indonesiakjennar, og har omfattande kunnskap om standardisering og normering, språkhistorie og grammatikk.

Han tok cand.philol.-graden i indonesisk språk ved Universitet i Leiden, Nederland i 1977 og har seinare gitt ut den språkvitskaplege studien Perfecting Spelling. Spelling discussions and Reforms in Malaysia and Indonesia 1900–1972 (1988). I tillegg har han skrive om politiske forhold i dette området, til dømes i Aust-Timor. Ein nasjon under jarnhælen (1994).

Vikør blei i 1993 professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Han har skrive fleire arbeid om språkplanlegging og har saman med Arne Torp gitt ut Hovuddrag i norsk språkhistorie (første utgåve 1993). Han var ein av fleire hovudredaktørar for Norsk Ordbok og var redaktør for tidsskriftet Maal og Minne.

Vikør har vore aktiv både i målrørsla og i Landslaget for språklig samling. Han var leiar for sistnemnde organisasjon i perioden 1981–1985 og redaktør for medlemsbladet Språklig Samling 1985–1988. Han har også vore representant for samnorskorganet i Norsk språkråd (1996–2004), der han gjekk inn for valfridom og inntak av austnorske former i nynorsknormalen.

Vikør har omsett ei rekkje romanar frå nederlandsk, og han fekk i 1994 Bastianprisen for barne- og ungdomslitteratur for omsetjinga si av Kvifor sa vi ingenting? av Jan de Zanger.

Broren Knut S. Vikør er professor i historie ved Universitet i Bergen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg