Nikolai Astrup (politiker)

Faktaboks

Nikolai Astrup

Nikolai Eivindssøn Astrup

Født
12. juni 1978, Oslo
Nikolai Astrup
Av /Utenriksdepartementet.
I januar 2018 ble Nikolai Astrup utnevnt til statsråd i Utenriksdepartementet som utviklingsminister. Her på en av hans første reiser i denne rollen, til Nepal.
Av /UD.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Artikkelstart

Nikolai Astrup er ein norsk politikar for Høgre som var statsråd i regjeringa Solberg 2018–2021, der han var utviklingsminister (2018-2019), digitaliseringsminister (2019-2020), og kommunal- og moderniseringsminister (2020-2021).

Bakgrunn

Nikolai Eivindssøn Astrup er fødd i Oslo. Han tilhøyrer ein av dei rikaste familiane i Noreg og er kjent for å ha den største personlege formuen blant norske toppolitikarar. Astrup fullførte bachelorstudiet i internasjonale relasjonar og mastergraden i europeisk politikk og styring på London School of Economics and Political Science 1997–2000.

Astrup arbeidde som konsulent innan strategi og forretningsutvikling i Arkwright AS i 2000–2002. Han var ansvarleg redaktør i det liberalkonservative tidsskriftet Minerva i 2001–2008, og som vitskapleg assistent på London School of Economics and Political Science i 2005–2006.

Politisk karriere

Astrup var leiar av Oslo Unge Høgre i 2002, og hadde vervet til 2004. I 2008 vart han nestleiar og frå 2012 leiar av Oslo Høgre og medlem i Høgres sentralstyre.

Stortingsrepresentant

I perioden 2005–2009 var Nikolai Astrup vararepresentant til Stortinget. I perioden 2006 til 2008 var han politisk rådgivar i stortingsgruppa til Høgre. I 2008–2009 arbeidde han som byrådssekretær for byrådsleiaren i Oslo. Frå 2009 er han stortingsrepresentant for Oslo frå Høgre. I perioden 2013 til 2018 var Astrup parlamentarisk nestleiar i Høgre. Frå 2009 til 2015 var han medlem i energi- og miljøkomiteen, frå 2013 nestleiar. I 2015-2017 vart han leiar av transport- og kommunikasjonskomiteen. Frå 2017 til 2018 var han leiar av finanskomiteen. Frå 2021 er han igjen medlem i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

På Stortinget har Astrup vore ein markant miljøpolitikar. Han har argumentert ideologisk for at eit liberalkonservativt parti som Høgre må ta vare på miljøet for komande generasjonar.

Statsråd

Astrup gjekk inn i regjeringa som utviklingsminister i Utanriksdepartementet ved utvidinga av regjeringa Solberg i 2018. I samband med utvidinga vart den tidlegare posten som utviklingsminister oppretta igjen. Astrup sat i denne stillinga i eitt år.

Ved den nye utvidinga av regjeringa i 2019 fekk Astrup ein nyoppretta statsrådspost som digitaliseringsminister i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Han fekk her ansvaret for IKT-politikken og overtok òg arbeidsoppgåver som tidlegare låg under Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Etter regjeringsomdanninga i 2020 vart Astrup kommunal- og moderniseringsminister.

EU og Europabevegelsen

Nikolai Astrup er tilhengar av EU, og har hatt dette som ein av sine politiske hovudsaker. 2011–2013 var Astrup medlem av sentralstyret i Europabevegelsen. Sidan 2008 har han leia Høgres EU-utval. Europeisk ungdom gav han i 2011 prisen "årets europear". Han fekk prisen for å diskutere aktuelle europasaker, for å kjempe for norsk EU-medlemskap, og samtidig engasjere seg mot enkeltsaker i EU-systemet han er usamd i, som til dømes datalagringsdirektivet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg