Michael er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av det hebraiske Mikael som tyder ‘Kven er som Gud?’.

Namnet har fleire variantar: Micael, Michael, Michal, Mickael, Mikael, Mikal, Mikkal.

Kjende personar med namnet Michael

Eit utval personar med namnet Michael, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 158 menn i Noreg som hadde Michael som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 28 gutar som fekk namnet Michael.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Mikael og Michael slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Michael var blant dei bibelske namna som vart populære rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Adam, Aron, Benjamin, David, Filip, Joakim, Lukas, Markus, Mathias, Noah og Ruben. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra. Nokre av dei har også ein internasjonal stavemåte som Philip, Jacob, Joachim, Lucas, Marcus og Michael.

Utvikling i bruk av namnet Michael frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Michael frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg