Mikal er eit mannsnamn som er norsk form av det hebraiske Mikael som tyder ‘Kven er som Gud?’.

Namnet har fleire variantar: Micael, Michael, Michal, Mickael, Mikael, Mikal, Mikkal.

Namnedag er 29. september. Mikael og Mikkel har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Mikal

Eit utval personar med namnet Mikal, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 923 menn i Noreg som hadde Mikal som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 13 gutar som fekk namnet Mikal.

Av dei som heitte Mikal i perioden 1900–2017, var det 63 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Mikal. Dette inneber at 37 prosent hadde Mikal som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Forma Mikal var meir vanleg enn Mikael/Michael på 1800-talet, men i perioden 1900–2017 var det omvendt, for då var Mikael/Michael meir enn fire gongar meir brukt enn Mikal. Det var særleg rundt år 2000 at paret Mikael/Michael var populært.

Utvikling i bruk av namnet Mikal frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Mikal frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Mikal på 1800-talet.

Mikal var mest brukt i Troms.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Mikal på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Mikal var mest brukt i Troms. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Michal.)

Historisk bruk av namnet Mikal
Historisk bruk av namnet Mikal
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg