May Grethe Lerum

Faktaboks

May Grethe Lerum
Født
5. mai 1965, Sogndal, Vestland

Artikkelstart

May Grethe Lerum er forfattar, litteraturkritikar og journalist. Forfattarskapen hennar spenner vidt, med hovudvekt på historiske romanseriar.

Bakgrunn

May Grethe Lerum er fødd i Sogndal. Ho har examen artium frå Hallingdal gymnas i 1983. Alt som gymnaselev skreiv ho for Drammens Tidende, og ho har seinare vore tilsett som journalist i Hallingdølen, VG og NRK. Ho har òg vore spaltist for ei rekkje aviser og magasin. I 2015 vart ho tilsett som prosjektredaktør i Aller Forlag. Lerum har vore fast litteraturmeldar i VG sidan 1996.

Forfattarskapen

Som forfattar debuterte Lerum i 1988 med dokumentarbiografien Synsk. Historien om Ivar Flatmo fra Hallingdal. Den skjønnlitterære debuten kom i 1993, med dei første bøkene i serien Livets døtre. Heile seks bøker i serien kom ut dette året, og til saman 35 bøker vart utgitt fram til 1998. Handlinga i Livets døtre er lagt til 1600- og 1700-talet, og bøkene har detaljerte, historiske skildringar som ligg nær opp mot røyndomen. Handlinga går i hovudsak føre seg på Lerum sine slektsgardar på Vestlandet og skildrar det gamle bondesamfunnet. Ei rekkje sterke kvinner er dei handlande hovudpersonane. Forfattaren tematiserer kvinnesolidaritet i skildringa av krevjande liv. Ein raud tråd i serien er bruken av primitiv plantemedisin.

Trilogien Solstorm, utgitt i 2011–2013, er ein thrillerserie for ungdom. Bakteppet for handlinga er ein solstorm som får katastrofale konsekvensar. Høgspentnettet vert øydelagt, og elektrisitetsforsyninga forsvinn. Vi følgjer ein familie i Fredrikstad gjennom ei rekkje dramatiske hendingar.

Lerum nyttar både bokmål og nynorsk i tekstane sine. Mellom anna er samtidsromanen Ingerid F. (1998) skriven på nynorsk. I tillegg til fleire romanseriar og omfattande journalistverksemd har forfattaren òg publisert dikt, og ho har hatt bidrag i novelle- og essaysamlingar. Lerum er ein av dei mestseljande forfattarane i Noreg. Bøkene i serien Livets døtre vart selde i 2,5 millionar eksemplar, og seriane hennar er omsette til ei rekkje språk.

Serien Emilies tid (2002–2003) er gitt ut sammen med Anne B. Ragde og Trude B. Larssen under fellespseudonymet Helene Holst-Hammerfeldt.

Utmerkingar

Den første boka i trilogien Solstorm, Himmelslør, vart nominert til Uprisen som årets ungdomsbok i 2011.

Bibliografi i utval

  • Synsk : historien om Ivar Flatmo fra Hallingdal (Dokumentarbiografi, Grøndahl, 1988) [Av May Grethe Lerum og Gunnar Grimstveit]
  • Livets døtre (Bokserie, Bladkompaniet, 1993-1998 [Bokserie 1-35]
  • Urtebok (Bladkompaniet, 1995)
  • Ingerid F. (Roman, Samlaget, 1998)
  • Solgudens krukke (Bokserie, Bladkompaniet, 2000-2002) [Bokserie 1-10]
  • Emilies tid (Bokserie, Cappelen, 2002-2003) [Bokserie 1-11]. Skrive under pseudonymet Helene Holst-Hammerfeld
  • Solstorm (Bokserie, Aschehoug, 2011-2013) [Bokserie 1-3]
  • Kvizzleik (Kvissbok, Vega, 2015)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Harriet Karoliussen: Populære forfattere – May Grethe Lerum. Oslo 1999.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg