Kari Henriksen

Faktaboks

Kari Henriksen
Født
10. august 1955, Vennesla, Agder
Stortinget.

Artikkelstart

Kari Henriksen er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Vest-Agder sidan 2009. Frå 2021 er ho fjerde visepresident på Stortinget.

Bakgrunn

Kari Henriksen er fødd i Vennesla i Vest-Agder (no Agder). Ho tok vidaregåande skule ved Kristiansand katedralskole i 1971–1974, studerte spesialpedagogikk ved Agder Distriktshøgskole (no Universitetet i Agder) i 1982, tok sjukepleiarutdanning i Kristiansand i 1982–1985, studerte spesialsjukepleie i psykiatri ved Stavanger sykepleierhøgskole (no Universitetet i Stavanger) i 1987, administrasjon og leiing ved Høgskolen i Agder (no Universitetet i Agder) i 1993–1994 og tok mastergrad i folkehelse i 2000–2005 ved Nordiska högskolan för folkhälsovetenskap i Göteborg.

Ho arbeidde som pleiemedhjelpar i 1976–1985 og sjukepleiar i 1985–1988 på Eg sykehus, var avdelingssjukepleiar ved A-klinikken i Kristiansand i 1987–1994 og styrar der i 1994–2000. I 2000–2007 var ho fagutviklingsleiar ved avdeling for rus- og avhengighetsbehandling ved Sørlandet sykehus.

Politisk karriere

Henriksen var varamedlem for Arbeidarpartiet i Kristiansand bystyre i 1999–2003 og medlem i 2003–2007. Ho var leiar av Kristiansand Arbeidarparti og styret i Aps kvinnenettverk i 2004–2005, leiar av Vest-Agder Aps kvinnenettverk i 2004–2007 og medlem av styret i Vest-Agder Arbeidarparti sidan 2005. Ho var vararepresentantStortinget i 2005–2009 og var statssekretær for statsråd Sylvia Brustad i 2007–2008 og for statsråd Bjarne Håkon Hanssen i 2008–2009 i helse- og omsorgsdepartementet.

Henriksen er innvald som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Vest-Agder frå 2009. Ho har mellom anna vore medlem av arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget i 2009–2013, av justiskomiteen i 2013–2017, av familie- og kulturkomiteen i 2017–2021 og av fullmaktskomiteen sidan 2013. Ho er første nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen sidan 2021. Ho er særleg oppteken av sosial utjamning og inkludering, likestilling og velferdspolitikk.

Andre verv

Henriksen var medlem av styret i Vest-Agder idrettskrets i 1998–1993, medlem av fylkesstyret i Norsk Sykepleierforbund i 1987–1990, leiar samen staden i 1990–1993 og medlem av forbundsstyret i 1993–2000. Ho var rettleiar i stiftinga Seprep i 2003–2005, leiar av småbåthamnutvalet i Kristiansand i 2003–2007 og leiar av Nasjonalt kompetansenettverk for barn av foreldre med psykisk sjukdom eller som er rusmiddelavhengige, i 2007.

Utgjevingar

I 2000 gav ho saman med Jorun Jacobsen Buckley ut Æ du gal? – Om oppvekst på Eg sykehus.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg