Faktaboks

Heikki Holmås

Heikki Eidsvoll Holmås. Født Heikki Holmås, tok mellomnavnet Eidsvoll da han giftet seg i 2012.

Fødd
28. juni 1972, Voss
Heikki Holmås i 2017.
Heikki Holmås i 2017.
Av /NTB.
Heikki Holmås
Heikki Holmås. Foto 2012.
Av /Norges FN-delegasjon.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Heikki Holmås er tidlegare stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti (SV) for Akershus i perioden 2001–2017. Han er tidlegare bistandsminister i Noreg.

Etter at han forlet politikken har Holmås mellom vore bærekraftssjef i Multiconsult Norge, Han er frå november 2022 administrerande direktør i Entreprenørforeningen – Bygg og Anlegg (EBA). Han er òg styreleiar i bistandsorganisasjonen Plan International Norge

Bakgrunn

Heikki Eidsvoll Holmås er fødd på Voss i Hordaland (no Vestland) og er oppvaksen i Bergen. Han tok examen artium ved Bergen Katedralskole i 1993, første avdeling jus ved Universitetet i Bergen i 1996, ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 1996–1999 og grunnfag i sosialøkonomi ved Universitetet i Oslo i 1999. Han har òg ein executive Master og Management in Energy frå BI. I tillegg til å vere politikar har han arbeidd deltid som journalist i TV2 Interaktiv.

Politisk karriere

Holmås har hatt verv i Sosialistisk Ungdom og SV sidan han melde seg inn i 1992. Han har mellom anna vore leiar av SU i 1996–1999 og leiar av Oslo SV i 2008–2010. Holmås var representant for Sosialistisk Venstreparti i Bergen bystyre i 1995–1999 og varamedlem i 1999–2001. Han var vararepresentant til Stortinget i 1997–2001 for SV frå Oslo og hadde fast plass som stortingsrepresentant i åra 2001–2017.

Holmås var leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget i perioden 2009–2013. Han var òg medlem av gruppestyret til SV på Stortinget i 2005–2010. Holmås var bistandsminister i regjeringa Stoltenberg II i 2012–2013. Dei viktigaste politiske sakene hans var miljø- og klimautfordringar og arbeidde for ein betre bustads-, innvandrings- og inkluderingspolitikk.

Andre verv

Han har òg hatt ei rekkje andre verv, mellom anna i Norges Gymnasiastsamband og Forsvaret, og han var medlem i Kringkastingsrådet i 1998–2001, meddommar i Gulating lagmannsrett i 1999–2001 og nestleiar i Mannspanelet i 2007–2008.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (1)

skreiv Vibeke Lauritsen

Heikki Holmås har ein bachelor i økonomi og administrasjon frå NHH og ein Executive Master of Management in Energy frå BI. Så det eg har skrive om at han er siviløkonom stemmer ikkje heilt.

No er han bærekraftsjef i Multiconsult Norge og styreleiar i bistandsorganisasjonen Plan International Norge

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg