Heikki Holmås

Faktaboks

Heikki Holmås

Heikki Eidsvoll Holmås. Født Heikki Holmås, tok mellomnavnet Eidsvoll da han giftet seg i 2012.

Født
28. juni 1972, Voss
Heikki Holmås i 2017.
Av /NTB.
Heikki Holmås. Foto 2012.
Av /Norges FN-delegasjon.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Artikkelstart

Heikki Holmås er siviløkonom og tidlegare stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti (SV) for Akershus i 2001-2017. Han er tidlegare bistandsminister i Noreg.

Bakgrunn

Heikki Eidsvoll Holmås er fødd på Voss i Hordaland (no Vestland) og er oppvaksen i Bergen. Han tok examen artium ved Bergen Katedralskole i 1993, første avdeling jus ved Universitetet i Bergen i 1996, siviløkonomstudiet ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 1996–1999 og grunnfag i sosialøkonomi ved Universitetet i Oslo i 1999. I tillegg til å vere politikar har han arbeidd deltid som journalist i TV2 Interaktiv.

Politisk karriere

Holmås har hatt verv i Sosialistisk Ungdom og SV sidan han melde seg inn i 1992. Han har mellom anna vore leiar av SU i 1996–1999 og leiar av Oslo SV i 2008–2010. Holmås var representant for Sosialistisk Venstreparti i Bergen bystyre i 1995–1999 og varamedlem i 1999–2001. Han var vararepresentant til Stortinget i 1997–2001 for SV frå Oslo og hadde fast plass som stortingsrepresentant i 2001–2017.

Holmås var leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget i perioden 2009–2013. Han var òg medlem av gruppestyret til SV på Stortinget i 2005–2010. Holmås var bistandsminister i regjeringa Stoltenberg II i 2012–2013. Dei viktigaste politiske sakene hans var miljø- og klimautfordringar og arbeidde for ein betre bustads-, innvandrings- og inkluderingspolitikk.

Andre verv

Han har òg hatt ei rekkje andre verv, mellom anna i Norges Gymnasiastsamband og Forsvaret, og han var medlem i Kringkastingsrådet i 1998–2001, meddommar i Gulating lagmannsrett i 1999–2001 og nestleiar i Mannspanelet i 2007–2008.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg