Harald Ofstad

Faktaboks

Harald Ofstad
Harald Frithjof Ofstad
Født
13. oktober 1920, Bergen
Død
5. oktober 1994, Oslo

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Harald Ofstad
Av /※.

Artikkelstart

Harald Ofstad var ein norsk filosof og samfunnsdebattant. Han klargjorde etiske tenkjemåtar, skreiv om fridom og ansvar, og analyserte nazismen.

Bakgrunn

Harald Frithjof Seiersted Ofstad var fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland) og døydde i Oslo. Han tok examen artium på Sydnes skole i 1939, vart cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1946 og magister i filosofi året etter. I 1949–1954 var han universitetsstipendiat i moralfilosofi ved Universitetet i Oslo, i 1954–1955 professor i filosofi ved Universitetet i Bergen og i 1955–1987 professor i praktisk filosofi ved Stockholms Universitet.

Filosofi

Ofstad arbeidde særleg med etikk og rettsfilosofi. I hovudverket An Inquiry into the Freedom of Decision (1961) drøftar han kva det vil seie at mennesket har fridom til å velje. Han stod for ein ansvarsetikk: Handlingar må vurderast ut frå sine sannsynlege konsekvensar, men absolutte verdiar set grenser for kva ein har rett til å gjere mot sine medmenneske. Desse spørsmåla drøfta han mellom anna i Valg og verdi (1961, skriven saman med kona Erna Ofstad), i Innføring i moralfilosofi (1964) og i Ansvar og handling (1980).

Liksom andre norske filosofar og samfunnsvitarar i åra etter krigen var Ofstad oppteken av å studere nazismen og den autoritære personlegdomen. I 1971 gav han ut Vår forakt for svakhet. En analyse av nazismens normer og vurderinger. Eit intellektuelt testamente var boka Vi kan ändra världen, som kom i 1987.

Andre verv

Ofstad var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1963. Han var riddar av den svenske Nordstjärneordenen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Vilhelm Aubert ofl.: Tenk en gang til. Oslo 1952
  • Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk, bd. 1. Oslo 1995
  • Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1939. Oslo 1964
  • Erna og Harald Ofstad: Valg og verdi. Oslo 1961

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg