Ferdinand

Ferdinand er eit mannsnamn som går tilbake til gammalhøgtysk Fridu-nand. Forleddet tyder ‘fred’ og etterleddet ‘djerv’.

Namnet kom til Spania med vestgotarane og spreidde seg frå Spania til heile Europa.

Namnet har fleire variantar: Ferdinan, Ferdinand.

Personar med namnet Ferdinand

Kulturell bruk

  • Ferdinand Mack er ein rik væreigar i romanar av Knut Hamsun («Pan» og «Benoni og Rosa» ). Vanlegvis er han berre omtalt med etternamnet Mack, i motsetning til andre personar som er nemnde med førenamn i desse to romanane.

Kjende personar med namnet Ferdinand

Eit utval personar med namnet Ferdinand, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 780 menn (fødde i Noreg) som hadde Ferdinand som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Ferdinand i perioden 1900–2017, var det 65 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Ferdinand. Dette inneber at 35 prosent hadde Ferdinand som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg