Edvard Os var ein norsk offiser, målmann og lokalhistorikar. Han skreiv òg skodespel og lokalhistoriske verk. I si tid var han svært sentral i målrørsla.
Edvard Os
Faktaboks
Edvard Samuel Os
- Født
- 20. april 1885, Nordfjordeid
- Død
- 9. januar 1970, Oslo

Militær løpebane
Os voks opp i Nordfjordeid. Han tok examen artium i Kristiania i 1904. Deretter gjekk han på Krigsskolen og blei offiser i 1907, og frå 1911 til 1920 var han offiser ved Generalstaben.
I forsvaret steig han i gradane og blei oberstløytnant i 1934. Fra da og til 1940 var han sjef for Varanger Bataljon og var såleis forsvarssjef i Aust Finnmark da krigen braut ut.
Os blei arrestert i 1943 og send til ein konsentrasjonsleir i Polen, da han saman med 1100 offiserar nekta å signere ei lojalitetserklæring til den tyske okkupasjonsmakta.
Målmannen Edvard Os
Os ser ut til å ha vore målmann all sin dag. Mellom 1913 og 1926 var han skrivar (generalsekretær) i både Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag. Som nynorsking var han prinsippfast og kompromisslaus. I 1904 heldt han russetale på landsmål (nynorsk) i Kristiania. Det endte i slagsmål mellom landsmåls- og riksmålsruss, og politiet måte rykke ut for å stoppe slåsskampen.
Også som offiser markerte Os målstandpunktet sitt sterkt. I bladet Norsk Ungdom i 1927 utfordra han «generalane våre» med artikkelen «Måltvangen i forsvarsverket». Det førte til rettssak med dom på 28 dagar kakebu. Etter det han sjølv hevda, var han etter det persona non grata i forsvaret.
Som skrivar både i mållaget og i Noregs ungdomslag la Os ned eit stort og målretta arbeid, organisatorisk og administrativt. Han gav ut handbøker i lagsarbeid, var bladstyrar for medlemsblada Bodstikka 1913–15 og Norsk Ungdom 1918–1927. Også som skrivar var Os kontroversiell og la seg ut med særleg Vestmennene i Bergen. I 1926 måtte han gå av som skrivar i mållaget og trekte seg like etter frå stillinga i Noregs Ungdomslag.
Os var også konsulent for målbruk i statstenesta. Han skreiv og rettleidde om mål og målbruk i bøker og hefte som han gav ut, men også gjennom foredrag i ymse samanhengar.
Han hadde i tillegg ei sterk kulturell og litterært interesse. Det var viktig for han at han gjennom denne interessa også fekk markert målstandpunktet sitt. Han omsette og skreiv skodespel og sat i styret for Det Norske Teatret mellom 1947 og 1951. I seinare år markerte han seg som lokalhistorikar og skreiv fleire lokalhistoriske verk.
I mangt og mykje representerte Os det som noko fordomsfullt er blitt sett på som den prototypiske vestmannen. Målstandpunktet hans var urokkelig; i tillegg var han Venstre-mann og faktisk den første leiaren i Kristiaia unge Venstre. Om han også var fråhaldsmann, seier historia derimot ingenting om.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- «Evard Os» i Norsk allkunnebok, bd. 9.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.