Tjønn har publisert dikt, noveller og essay i antologiar og magasin, mellom anna i Syn og Segn. I tillegg har han gitt ut fleire bøker, både for born, ungdom og vaksne. Døden er eit grunnleggjande tema i forfattarskapen. Familiekriser er òg eit motiv forfattaren nyttar ofte. Tjønn skriv poetisk og innsiktsfullt, med nyskapande bilete og ein nøktern stil. Språket er enkelt og direkte, sterkt og vakkert.
Han romandebuterte i 2002 med Eg kom for å elske. Med korte, presise situasjonsskildringar skaper forfattaren bilete av ei ungjente fylt av smerte over ein familie i endring. Ungdomsromanen Så vakker du er (2013) tematiserer kjærleik, tap, sorg og død. Hovudpersonen opplever at ein kjær onkel er døyande. I sterke, rørande skildringar stig ein bodskap fram, om å gripe sjansar og leve livet medan ein har det. Diktboka Kvit, norsk mann (2022) tek for seg rasisme og korleis det er å vekse opp som utanlandsadoptert i Noreg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.