Astri er eit kvinnenamn som går tilbake til norrønt Ástríðr av Ás-fríðr. I dette toledda kvinnenamnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘vakker’.

Stavemåten Astri speglar av ein utbreidd uttale av Astrid utan [d].

Namnet har fleire variantar: Astri, Astrid.

Personar med namnet Astri

Kulturell bruk

  • Songen «Astri, mi Astri» (1816) av Hans Hanson er ei gjendikting etter original på latin av den romerske diktaren Horats.

Kjende personar med namnet Astri

Eit utval personar med namnet Astri, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 902 kvinner i Noreg som hadde Astri som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 14 jenter som fekk namnet Astri.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Astrid og Astri slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Astrid og Astri er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen da foreldre til dømes fann namn i Snorre (Astrid Olavsdotter, gift med Olav den heilage). Til liks med andre namn som høyrer til namnerenessansen, fekk det eit sterkt løft i siste halvdel av 1800-talet. Namnet ville som andre renessansenamn ha gått nedover om det ikkje hadde vore for ein kongeleg fødsel i 1932 (prinsesse Astrid).

Utvikling i bruk av namnet Astri frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Astri frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg