Arnold Eidslott

Faktaboks

Arnold Eidslott

Arnold Olav Eidslott

født:
10. juni 1926, Ålesund
død:
19. april 2018
Av /Gyldendal Forlag.

Arnold Eidslott var ein poet og telemontør som skreiv i kryssingspunktet mellom religiøs og modernistisk poesi.

Bakgrunn

Arnold Eidslott vaks opp i Skarbøvika i Ålesund, der han òg gjekk folkeskulen. Seinare gjekk tok han eittårig realskule i Syvde i Vanylven kommune (1946).

Under og etter krigen var Eidslott sjømann ein periode og sigla både innanriks og utanriks. Han arbeidde seinare nokre år på eit grønnsaklager i Oslo, men frå 1952 til 1993 var han tilsett i Televerket, der han var telemontør ved Ålesund telefonanlegg.

Forfattarskap

Eidslott debuterte med diktsamlinga Vinden taler til den døve i 1953. Sidan gav han ut nær tretti bøker, med høgdepunkt som Av dynd og Amazonas(1963), Manes (1965), Flukten til katakombene (1982), Adam imago Dei (1984), Passchendaeles ruiner (1998), Davids nøkkel (2001) og Postludium (2012). Heilt frå debuten henta Eidslotts poesi kraft frå både modernistiske og religiøse former og tradisjonar. Poesien rommar beisk kulturkritikk, men òg undring over det gåtefulle i tilværet. Og lovprisingar til Gud står jamsides avmektige klagerop over krigen sine herjingar. I 1986 kom Dikt i utvalg ved Jan Inge Sørbø.

I 1996 gav Jan Inge Sørbø ut boka «Høstet på himlens skråninger». Sju essay om Arnold Eidslott. Sørbø har òg skrive doktorgradsavhandlinga «Målt mot det yttarste», der han samanliknar Arnold Eidslott og Theodor Adorno (1998).

Eidslott fekk Gyldendals legat i 1962, og han fekk seinare både Ålesund kommunes kunstnarpris (1972), Aschehougprisen (1983), Det Norske Akademi for Sprog og Litteraturs pris (1983) og Doblougprisen (1992). I 2011 blei Leon Roalds byste av Eidslott avduka utanfor Spjelkavik kyrkje i Ålesund. Frå 1986 hadde Eidslott Statens æresstipend.

Romantisk modernist

Eidslott krev mykje av lesarane sine. Dikta hans er rike på allusjonar – både til den kristne tradisjonen og den europeiske kulturarven – ikkje ulikt den britiske poeten T. S. Eliot, som saman med italienaren Salvatore Quasimodo er dei viktigaste modernistiske førebileta til Eidslott. Men sjølv om dikta hans krev både kunnskap og konsentrasjon, er dei langt frå hermetiske og avstengde. Det er eit stort alvor i Eidslotts poesi – eit alvor som strekkjer seg mellom det menneskelege og det guddomlege, og som kan vere formidla i søkjande og undrande så vel som i fortvilte og rasande dikt. Alle som les dikta, vil kjenne att den særeigne, melankolske stemninga i Eidslotts lyriske univers. Litteraturforskaren Jan Inge Sørbø har peika på at dødsmedvitet er ein slags motor i diktinga hans.

Sørbø har òg hevda at «romantisk modernisme» er det nærmaste ein kjem ei litteraturhistorisk plassering av Eidslott, og at han såleis har eit og anna sams med Gunvor Hofmo og Rolf Jacobsen. Samstundes står dikta til Eidslott òg i ein meir visjonær tradisjon, der Henrik Wergeland og Olav Aukrust er mellom forløparane. Sjølv om Eidslott openbert søkjer det allmenne og det evige, er det òg mykje samtidskritikk i forfattarskapen hans. Det samtidige livet synest å vere uløyseleg frå historia i denne poesien.

Diktaren på stolpesko

Eidslott arbeidde i meir enn førti år som telemontør og gav sjølv uttrykk for at yrket var viktig for diktinga hans. Endå viktigare var den kristne trua, og Eidslott omtala gjerne diktargjerninga si som eit kall. Naturleg nok sette ei rekkje kristne tenkjarar og diktarar djupe spor i forfattarskapen hans, frå Augustin til Søren Kierkegaard. Sjølv heldt han òg fram dei store russiske forfattarane som viktige inspirasjonskjelder, til dømes Leo Tolstoj, Fjodor Dostojevskij, Aleksandr Pusjkin og Nikolaj Gogol. Også her fann Eidslott eit stort – og ofte mørkt – alvor, som strekkjer seg høgare enn det forgjengelege menneskelivet.

Eidslotts poesi er ein kristen poesi, og ofte kan vi òg kalle han misjonerande. Gjennom heile forfattarskapen støttar bibelreferansar, kyrkjehistorie og kristen praksis – ritar og symbol – opp under ei formidling av den kristne trua. Men det religiøse legg ikkje skuggar over dei språklege kunstverka til Eidslott. Heller enn teologisk forklaring byd han på språkleg mystikk, og sjølv dogmatiske formuleringar er lyfta til eit kunstnarleg nivå.

Lenge blei Eidslott lite lesen i litterære krinsar i Noreg, men etter at den danske litteraturkritikaren Poul Borum omtalte han som «en av de fremragende» i tidsskriftet Basar i 1979, var det mange som fann vegen til forfattarskapen. På tvers av tru er det ingen tvil om at Eidslotts poesi formidlar vakre og viktige innsikter om menneskelivet og mennesket si undring over det vonde og det vakre i tilværet. Som Poul Borum skreiv: «Digte er ikke til for at blive modsagt eller medsagt. Det siges. [...] [E]n stor digters ord skal ikke tros, de står til troende».

Utgivingar

  • Memento (1967)
  • Elegisk om sirkus (1970)
  • Ved midnatt da havet sank (1971)
  • Rekviem for Lazarus (1973)
  • Veien til Astapovo (1976)
  • Det forlatte øyeblikk (1978)
  • Den tause ambassadør (1980)
  • Flukten til katakombene (1982)
  • Adam Imago Dei (1984)
  • Dikt i utvalg (ved Jan Inge Sørbø) (1986)
  • Advarsel i kode (1987)
  • De navnløses kor (1989)
  • Under San Marcos murer (1989)
  • Lyset over den dømte (1993)
  • Pax Christi (1995)
  • Passchendaeles ruiner (1998)
  • Nettene under Kapp Hoorn (2000)
  • Davids nøkkel (2001)
  • Arameisk i Roma (2002)
  • Koret over Forum Romanum (2004)
  • Lyset fra Bach (2006)
  • Vinden blåser dit den vil (2008)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Aarnes, Asbjørn: «Arnold Eidslott : ved de første og de siste ting» i NLÅ 1988, 116-25
  • Aarnes, Asbjørn & Helge Nordahl, red.: Hellig hav : om Arnold Eidslotts diktning, 2000, isbn 82-543-0832-2, Finn boken
  • Elseth, Egil: «Sannheten – om den så skal føre til helvete» : tro og tvil i litteraturen, 2001, 173-96, isbn 82-543-0897-7, Finn boken
  • NBL 2. utg.
  • Nyhus, Kjell A.: «Du tause seer i det tause rommet : om Arnold Eidslotts diktsamling Passchendaeles ruiner» i Kirke og kultur 105 (2000), 495-518
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 6: Fra Brekke til Mehren, 1995, isbn 82-02-15476-6, Finn boken
  • Sørbø, Jan Inge: «Høstet på himlens skråninger» : sju essay om Arnold Eidslott, 1996, isbn 82-05-24366-2, Finn boken
  • Sørbø, Jan Inge: «Dødsmedvit og livsglede : om Arnold Eidslotts dikting» iNLÅ 1980, 99-117
  • Wilkens, Ellen Merete: «Som å be bordbønn på Theatercafeen» i Vagant nr. 4/1988

Kommentarer (1)

skrev Svein Askheim

Dødsdato må også føres i Norsk Biografisk Leksikon.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg