Faktaboks

Anfin Johannessøn Breder
Død
15. mai 1677, Sund, Hordaland
Levetidskommentar
fødselsår og -stad er ukjent
Verke
Prest og bygdemålsdiktar
Familie

Foreldre: Faren heitte Johannes Breder. Namnet til mora er ukjent.

Gift 1) med Kari Larsdatter, 2) med Gurine Gertsdatter (død 6.8.1697).

Anfin Johannessøn Breder var ein norsk geistleg. Breder skreiv viser på norsk bygdemål, blant anna Rabnabrudlaupet i Kraakelund (trykt 1647) – ei av dei eldste kjente visene skrivne på ei norsk bygdedialekt. Frå 1640 til 1677 var han sokneprest i Sund i Hordaland.

Bakgrunn

Det er uvisst når Anfin Breder vart fødd, men etter kallsboka for Sund var han personellkapellan for presten der i 1630. Breder kom til universitetet først 1637, frå katedralskulen i Bergen, men han kan ha vore hjelpar hos presten i Sund for å øve seg i kyrkjeleg arbeid medan han gjekk på skule i Bergen. Han var sjølv sokneprest i Sund frå 1640 til 1674.

Viser på bygdemål

Breder skal ha skrive dei to første kjende visene på norsk bygdemål, Rabnabrydlaup i Kråkelund og Anfind hand gienghir. Den første, om eit dyrebryllaup, har vore vel kjend og godt likt. Den andre, om ein dans og ei friing, har vore lite kjend. Visene vart prenta 1647 i eit oktavhefte på sju blad, truleg i København. Det finst no berre eitt eksemplar av det, i Karen Brahes bibliotek i Odense. Nest etter Christen Jenssøns Den norske Dictionarium frå 1646 er dette det eldste prentet på norsk dialekt. Dei to visene finst også, i same rekkjefølgja, i Vibeke Bilds handskrivne visebok frå 1640-åra, der nærast alle visene byggjer på eldre lausprent. I prentet frå 1647 er båe skrivne i ei målform frå Hordaland, men i boka er visa om Anfinn på austlandsmål.

I ei samling av ulike tekster frå Østerdalen frå kring 1750 der Rabnabrydlaup er med, står det at «Denne vise er komponeret af hr. Anfind, prest til Sunds prestegjeld ved Bergen». Dette vart nemnt av Ole Andreas Øverland i 1880, men teksten han tok utgangspunkt i, er i dag ukjend. Den same opplysninga er ordlagd litt annleis i ei visebok frå siste halvdel av 1700-talet. Francis Bull meinte Anfin Breder hadde skrive båe visene, medan Torleiv Hannaas gjekk imot dette, mest fordi visene har ulik målform hos Vibeke Bild.

Torleiv Hannaas meinte at Breder hadde kjent ei kortare folkevise om eit dyregjestebod, som han så omsette over til sotramål og utvida med andre vestnorske særdrag. Dyreviser var populære og fanst både på dansk og svensk, og ei svensk vise frå 1633 opnar om lag som Rabnabrydlaup. Nokon kunne ha sørgja for å prente versjonen til Breder saman med visa om Anfin, før Christen Jensøns ordbok og prentet frå 1647. Det eldre prentet måtte Breder ha vore misnøgd med, så han retta på målet i Rabnabrydlaup og skreiv også austlandsvisa om til vestnorsk.

Hannaas gjev to grunnar til at Breder skulle stå bak den kjende forma av Rabnabrydlaup: Det høver godt med tida og endå meir med målet i visa. Det siste underbyggjer Hannaas med at viseteksta har både -æ (-e) og -a som endingar i sterke hokjønnsord (mærre, skiore, ørna, geita). Nettopp i Sund og noko av FjellSotra finst båe desse endingane, i eit område som elles har berre . Sokneprestane Breder i Sund og Christen Jenssøn i Askvoll kan ha kjent kvarandre frå skulegang eller prestemøte i Bergen, og dei kan ha inspirert kvarandre i interessa for norsk bygdemål.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • M. Arnesen og I. H. Breder: Stamtavle over familien Breder, 1876
  • O. A. Øverland: «Ravnebryllupet i Kraakelund», i HT, rk. 2, bd. 2, 1880, s. 302–308
  • biografi i Lampe, bd.1, 1895, s. 293
  • Francis Bull: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 2, 1925
  • Torleiv Hannaas: «Rabnabrydlaup i Kråkelund». Festskrift til Hjalmar Pettersen 13de januar 1926, 1926
  • O. Hanssen: Gamle bygdemålsprent fyre år 1800, 1939
  • Kjell Venås: Den fyrste morgonblånen, 1990

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg