Kapellan er ein prest i ein kyrkjelyd (meinigheit), administrativt underlagd soknepresten.

Faktaboks

Uttale
kapellˈan

Opphavleg var kapellanen prest ved eit kapell. I Den norske kyrkja har det vore ulike kategoriar av kapellanstillingar. Ein residerande kapellan var fast knytt til ein kyrkjelyd og fungerte som avløysar for soknepresten og prosten i dei tilfella soknepresten også var prost. Stillingsnemninga opphøyrde i 1989, då prestane ikkje lenger blei utnemnde i kongeleg statsråd. Ein kallskapellan var medhjelpar til ein residerande kapellan og blei tilsett av Kyrkjedepartementet, medan ein personellkapellan (eller personal kapellan) var ein assistent for soknepresten. Ein stiftskapellan var knytt til eit bispedømme og styrte ofte ledige embete eller hjelpte prestar som trong ekstra hjelp. Ein stiftskapellan kunne også vera knytt til bispekontoret som fullmektigen til biskopen eller bli tillagd spesialoppdrag innanfor bispedømmet.

Med kyrkjelova av 1996 blei sokna lovfesta som den grunnleggjande eininga i Den norske kyrkja, og alle sokn skulle ha ein sokneprest. Mange av kapellanstillingane blei dimed omgjorde til soknepreststillingar. I større kyrkjelydar er kapellanstillingane behaldne, men dei ulike kategoriane av kapellanar finst ikkje lenger.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg