Allehelgensdag blir det ofte tent lys ved gravstader. Biletet er frå allehelgensdag på ein gravlund i Polen.
.
Lisens: CC BY SA 4.0

Allehelgensdag er ein minnefest for alle helgenar og martyrar. I den katolske kyrkja er allehelgensdag 1. november. I Den norske kyrkja er allehelgensdag lagd til den første sundagen i november. Det betyr at allehelgensaftan i Noreg ikkje nødvendigvis fell på same dag som den amerikanske halloweenfeiringa, som alltid blir feira natt til 1. november.

Faktaboks

Også kjend som

helgemesse, helgemess

Allehelgensdag oppstod i den katolske kyrkja på 600-talet, og på 800-talet la Gregor 4 allehelgensdag til 1. november. I den gresk-ortodokse kyrkja blir allehelgensdag feira den første sundagen etter pinse.

I norsk folketru

Primstavmerket for allehelgensdag har vore ein eller fleire krossar, men også eit skip. Skipet skulle symbolisere den kristne kyrkja, men i folkeleg tradisjon blei det også oppfatta som eit teikn på at skipsfarten skulle avsluttast for året. I heile Sør-Noreg var helgemesseflaumen, ein mildvêrsperiode med regn og sludd, venta til allehelgensdag. Kom han ikkje då, meinte ein i Solør at han kunne ventast julekvelden, og i Telemark meinte ein at han ville kome til våren. I Østfold meinte ein at viss det regna på allehelgensdag, ville det vare i sju veker. I Hordaland meinte ein at viss snøen la seg før helgemesse, ville det bli sein vår. I Trøndelag meinte ein at solskin på helgemesse varsla om eit godt år. På Voss blei dagen kalla for aldersmesse, og han var rekna som den første vinterdagen og den første jaktdagen. I Hordaland hadde den som fann husdyr i fjellet etter allehelgensdag, rett til finnarløn. I Nord-Noreg heitte det at ein var sanndrøymd natta til helgemesse.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg