Robert er eit mannsnamn som kjem av eldre tysk Hrod-bert. Forleddet tyder ‘ære’ og etterleddet ‘lysande’.
Robert
Personar med namnet Robert
Kulturell bruk
- Robert Jordan er hovudperson i «Klokkene ringer for deg» (1940) av Ernest Hemingway.
Kjende personar med namnet Robert
Eit utval personar med namnet Robert, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Robert Owen (1771–1858)
- Robert Falcon Scott (1868–1912)
- Robert Oppenheimer (1904–1967)
- Robert Johnson (1911–1938)
- Robert Dahl (1915–2014)
- Robert Mugabe (1924–2019)
- Robert F. Kennedy (1925–1968)
- Robert Nozick (1938–2002)
- Robert Mood (1958)
- Robert Stoltenberg (1965)
- Robert Caspersen (1971)
- Robert Lewandowski (1988)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Sjølv om Robert har tysk opphav, blir det i dag oftast assosiert med anglo-amerikansk kultur, til dømes menn som Robert Kennedy og Robert Redford. Mens det er få tyske namn som har hatt toppfasen sin 1970-åra, gjeld dette ikkje Robert (på topp 1970–1974). Døme på engelske namn som var på topp på denne tida, er Ronny, Tommy, Ken, Kent, Kenneth, Kim, Glenn og Kim.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Robert var klart mest brukt i Bergen. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Roberth.)
Les meir i Store norske leksikon
- mannsnamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.