Islam er den offisielle religionen i Egypt, og om lag 90–95 prosent av befolkninga er muslimar. Dei fleste egyptarar er sunnimuslimar, men det finst også ei mindre gruppe sjiamuslimar. Sufisme er utbreidd. Egyptisk islam har spelt ei viktig historisk rolle. Islam er den offisielle religionen i landet, og presidenten må sjølv vere muslim.

I tillegg har Egypt ein betydeleg kristen minoritet. Den koptisk-ortodokse kyrkja er det største kyrkjesamfunnet i dagens Midtausten og samlar rundt 5–10 prosent av befolkninga i Egypt. Den noverande leiaren i den koptiske kyrkja, pave Tawadros II, blir rekna som den 118. kyrkjeleiaren etter evangelisten Markus, som ifølgje tradisjonen kristna Egypt.

Historisk bakgrunn

Gammelegyptisk religion var den opphavlege trua i det gamle Egypt frå predynastisk tid, ca. 3500 fvt., til den tradisjonelle kulturen forsvann i dei første århundra evt. Religionen i det gamle Egypt var polyteistisk, og vi kjenner til nesten 1500 forskjellige gudar og gudinner.

Kristendommen kom til Egypt før år 100 evt. Alexandria blei tidleg eit åndeleg og intellektuelt sentrum, og den kristne kateketskulen i byen hadde framifrå lærarar, til dømes Clemens (rundt 150–215) og Origenes (rundt 185–251). Det kristne klostervesenet oppstod i Egypt.

I åra 639–641 erobra muslimske arabarar landet, som gradvis blei islamisert og arabisert. Kairo er framleis eit religiøst og intellektuelt sentrum i den sunnimuslimske verda, og i dag er om lag 90–95 prosent av befolkninga muslimar.

Den gresk-ortodokse kyrkja har eit patriarkat i Alexandria, elles finst det ei armensk-ortodoks kyrkje og dessutan små gresk-katolske (melkittiske) og katolske og protestantiske kyrkjelydar (meinigheiter). Før 1948 hadde Egypt ei relativt stor jødisk befolkning, rundt 80 000, men utvandring har ført til at det no er berre ei svært lita gruppe att. Det finst også ein liten bahá'ísk minoritet i Egypt.

Juridisk vern

Islamsk rettslære er definert som ei sentral kjelde for egyptiske lover. I praksis gjeld dette særleg familielovgivinga. Kristne og jødar kan følgje eigne rettssystem i familiespørsmål.

Religionsfridom blir definert i grunnlova som ein ukrenkjeleg rett, og staten skal verne trusfridommen til borgaren: retten til å praktisere eigne ritual og til å etablere eigne lokale for tilbeding. Dette gjeld likevel berre dei «guddommelege religionane», det vil seie jødedom, kristendom og islam. Andre religiøse grupper som bahá'í og Jehovas vitne kan møtast privat, men dei får ikkje drive noka form for offentleg tilbeding. Ateistar blir ikkje verna av lova.

Grunnlova forbyr blasfemi, krenking av profetane til andre og all diskriminering på religiøst grunnlag. Diskriminering er likevel utbreidd. Det er også vanleg at konfliktar mellom kristne og muslimar, og regelrette overgrep mot kristne, blir haldne utanfor rettssystemet, og i staden «blir løyste» ved ritualiserte forsoningsmøte som til og med kan ende med at kristne må forlate eigne heimar.

Dei siste tiåra har ei rekkje terrorangrep råka kristne og kyrkjer, men det er sjeldan at desse blir oppklarte.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (3)

skreiv Bente Tharaldsen

Hei. Her trengs den en oppdatering ift leder av den koptisk-ortodokse kirke. Sitat fra Kari Vogt, i "De kristne i Midtøsten", Cappelen Damm, 2015, s. 116: " Den koptiske paven, Patriark Shenuda III, døde i mars 2012, og i november samme år overtok Tawadros II (f.1953) som ny kirkeleder". Vennlig hilsen Bente Tharaldsen

svarte Mari Paus

Hei Bente og takk for godt innspill! Jeg tar med dette videre. Vennlig hilsen Mari i redaksjonen

svarte Mari Paus

Artikkelen er nå oppdatert.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg