Herbjørn Sørebø var politisk journalist, forfattar, kommentator og kåsør. Han var tilsett i NRK i meir enn 30 år og var med på å utvikle den politiske journalistikken i Noreg. Sørebø var ein synleg nynorskmann, som i fleire år fekk mykje kritikk for språket sitt.
Herbjørn Sørebø
Faktaboks
- Fødd
- 25. april 1933, Fjaler, Vestland
- Død
- 29. mars 2003, Lørenskog, Akershus
- Verke
- Journalist, kringkastingsmann og forfattar
- Familie
-
Foreldre: Lærar Sigvard Sørebø (1902–74) og Lovisa Eiken (1911–96).
Gift 29.6.1957 med gardbrukar Mari Stefferud (21.3.1933–), dotter til gardbrukar Lars Stefferud (1893–1970) og Ruth Fagernes (1902–88).
Bakgrunn
Herbjørn Sørebø var fødd i Fjaler i Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde i Lørenskog i Akershus. Han tok examen artium ved Firda landsgymnas og studerte ved Journalistakademiet i 1955–1956.
Journalistikken
Sørebø var med i redaksjonen i Firdanytt i 1952, var redaksjonssekretær i Norsk Barneblad i 1954–1956 og journalist i Vårt Land i 1956–1964. Frå 1964 og resten av arbeidslivet var han tilsett i NRK, først i NRK Radio som stortingsmedarbeidar, deretter i NRK Fjernsyn. Han var leiar for den innanrikspolitiske avdelinga i NRK i 1972–1988 og sjef for NRK Dagsrevyen i 1988–1990. Fram til 2001 hadde han ei fri stilling som programdirektør i NRK. I tillegg heldt Sørebø kåseri i programmet Søndagsposten i NRK og hadde ei fast spalte i Dag og Tid i 28 år, ei avis han var med å starte.
Sørebø hadde svært stor arbeidskapasitet, og han var til stades der det skjedde. I mange år arbeidde han som NRK sin journalist på Stortinget, og saman med Lars Jacob Krogh var han ein markant reporter som dekte valkampar og val på NRK og stilte kritiske spørsmål til politikarane. Han var ein føregangsmann i utviklinga av norske medium og blei etter kvart ein folkekjær journalist. Andreas Skartveit omtaler han som «den fremste nynorske mediemannen i sin generasjon».
Forfattarskapen
Sørbø gav ut nærmare 50 bøker, mellom anna biografiar, humorbøker, diktsamlingar, viser, reiseskildringar, aforismesamlingar, noveller og kriminalromanar. Han gav ut førti av dei rundt femti bøkene sine på Det Norske Samlaget. Han debuterte med Minuttdemokratiet. Politikk i radio og fjernsyn (1970). Humorboka Bønder spelar ikkje tennis (1972) blei svært populær, og det blei òg bøkene om norske smil. Sørebø var dessutan medforfattar av teikneserien Truls og Guri i Norsk Barneblad.
Språkarbeidet
Sørebø hadde eit livslangt engasjement for nynorsk og hadde mange tillitsverv i norsk presse. Han var styreleiar i Dag og Tid i 1966–1967, styreleiar i Nynorsk Pressekontor i 1975–1985 og rådsmann i Norsk Barneblad i 1990–1996. Han var pressekonsulent i Noregs Mållag, medlem av Norsk språkråd i 1992–2000, styremedlem i Det Norske Teatret i 1996–2002 og leiar i språkutvalet til NRK i ei årrekkje.
Utmerkingar
Sørebø fekk Kringkastingsprisen (1982), Vinjeprisen frå Riksfondet for nynorsk presse (1987) og Kongens fortenestemedalje i gull i 2003.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.