saterfrisisk

Frisiske språkområder vist i blått. Det tradisjonelle Frisland i grønt.
Frisiske språk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Artikkelstart

Saterfrisisk er eit av dei tre frisiske språka, som høyrer til i den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Saterfrisisk er førstespråket til mellom 1000 og 2500 menneske i kommunen Saterland i fylket Cloppenburg i den tyske deltstaten Niedersachsen.

Faktaboks

Språkkoder
stq (STQ)
ISO-639:3
stq

Saterfrisisk har status som minoritetsspråk i Saterland. 300 born lærer saterfrisisk i barnehagen og skulen, og sidan 2004 finst det radiosendingar på språket.

'Saterfrisisk' heiter seeltersk eller seelterfräisk på saterfrisisk. Viktige stadnamn er Seelterlound (Saterland), Kloppenbuurich (Cloppenburg), Läichsaksen (Niedersachsen) og Düütsklound (Tyskland).

Språkfamilie

Saterfrisisk er den einaste overlevande dialekten av austfrisisk. Austfrisisk, nordfrisisk og vestfrisisk utgjer ei frisisk undergruppe av vestgermansk, som saman med nordgermansk (nordisk) og austgermansk (utdøydd) utgjer den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Språkhistorie

Året 1550 blir tradisjonelt sett opp som det språkhistoriske skiljet mellom gamalfrisisk og nyfrisisk . Nyfrisisk er delt i tre innbyrdes uforståelege språk (vestfrisisk, austfrisisk og nordfrisisk), som blir talte over eit mykje mindre område: Fryslân i Nederland , Saterland og Nord-Friesland i Tyskland .

Gamalaustfrisisk blei talt i Ostfriesland, mellom elva Weser og grensa mot Nederland i Niedersachsen, men nedertysk fortrengde frisisk i denne regionen kring år 1500.

Austfrisisk har berre overlevd litt sør for Ostfriesland, i Saterland, der austfrisarar truleg busette seg på 1000-talet. Saterland ligg midt i eit stort myrområde, og staden var lenge relativt isolert frå omverda. Fram til 1800-talet kunne ein berre nå Saterland med båt over elva Sagter Ems (Seelter Äi). I dag går det både vegar og jernbane dit, og språket er mykje meir utsett for påverknad enn før. Etter at Tyskland ratifiserte Den europeiske språkpakta for regionale språk og minoritetsspråk 16. september 1998, har saterfrisisk fått eit betre vern.

Språksystem

Saterfrisisk har tre grammatiske kjønn, som mellom anna kjem fram gjennom dei ubundne og bundne artiklane: die (hankjønn), ju (hokjønn) og dät (inkjekjønn). Substantiva har ikkje kasusbøying, bortsett frå at det finst ein genitivs, ved sida ein «garpegenitiv», som begge berre kan nyttast når eigaren er ein person. Når «eigaren» er ein ting, må ein uttrykkje seg annleis:

  • mien Susters Huus 'mi systers hus'
  • min Bruurs Bukse 'min brors bukse'
  • dän Mon sin Huund 'mannen sin hund'
  • do Finstere fon dät Huus 'vindauget til huset'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg