nordfrisisk

Frisiske språkområder vist i blått. Det tradisjonelle Frisland i grønt.
Frisiske språk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Artikkelstart

Nordfrisisk er eit av dei tre frisiske språka, som høyrer til i den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Nordfrisisk er førstespråket til om lag 10 000 menneske i Nord-Friesland (vestkysten av Schleswig-Holstein og øyane Föhr, Amrum, Sylt og die Halligen) og på Helgoland.

Faktaboks

Språkkoder
frr (FRR)
ISO-639:3
frr

Nordfrisisk har status som minoritetsspråk i Nord-Friesland og på Helgoland.

'Frisisk' heiter friisk på nordfrisisk. Stadene der språket blir talt, heiter Nordfriislon/Nuurdfriisklun/Nordfraschlönj (Nord-Friesland), Feer (Föhr), Oomram (Amrum), Söl (Sylt), Halligen (Halligen) og Deät Lun 'Landet' (Helgoland). Tyskland heiter mellom anna Tjüschlönj.

Språkfamilie

Nordfrisisk er eit av dei tre frisiske språka. Dei andre to er austfrisisk (som berre har overlevd i varianten saterfrisisk) og vestfrisisk. Dei frisiske språka er ei undergruppe av vestgermansk, som saman med nordgermansk (nordisk) og austgermansk (gotisk, utdøydd) utgjer den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien.

Språkhistorie

Året 1550 blir tradisjonelt sett opp som det språkhistoriske skiljet mellom gamalfrisisk og nyfrisisk. Dei eldste frisiske tekstane skriv seg frå 1000-talet. I mellomalderen blei frisisk talt langs heile nordsjøkysten frå byen Brugge i det noverande Belgia til Nord-Friesland i Schleswig-Holstein, og det var mykje nytta som skriftspråk.

Nyfrisisk er delt i tre innbyrdes uforståelege språk (vestfrisisk, austfrisisk og nordfrisisk), som blir talte over eit mykje mindre område: Fryslân i Nederland, Saterland og Nord-Friesland i Tyskland.

Det er store dialektskilnader innanfor nordfrisisk. Ein reknar med ti hovuddialektar. Det er ikkje blitt utvikla noko nordfrisisk standardspråk, men det blir utgitt litteratur på fleire dialektar. Nordfrisisk er valfritt fag i grunnskulen, og det finst ein del nordfrisiskspråklege barnehagar. Det finst ei Friisk Foriining 'Frisisk foreining', som har som hovedmål å støtte nordfrisisk språk og kultur.

Språksystem

Dei fleste nordfrisiske dialektane har halde ved lag tre grammatiske kjønn: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Skiljet kjem mellom anna fram i dei bundne artiklane, her saman med hün 'hund', hüne 'hundar', kåt 'katt' og toorp 'landsby', 'torp'.

Type Hankjønn Eintal hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
Type A di hün jü kåt dåt toorp da hüne
Type B e hün e kåt et toorp e hüne

Dei bundne artiklane av type A blir nytta når noko er bunde fordi det er blitt omtalt tidlegare i talesituasjonen (eller teksten), medan type B blir nytta når noko er bunde fordi det høyrer til den felles bakgrunnkunnskapen til talarane.

Nordfrisisk inneheld mange ord som ein skandinav lett forstår, og som viser at Norden ikkje ligg langt unna, til dømes Blijånt 'blyant' (standardtysk Bleistift), Eefterspise 'dessert', 'ettermat' (standardtysk Nachtisch), Gris 'grisunge' (standardtysk Ferkel), Grünwål 'grunnvoll' (standardtysk Grundmauer, Fundament), Jül 'jul' (standardtysk Weihnachten), smeele 'smile' (standardtysk lächeln), Süster 'syster' (standardtysk Schwester) og Ååpelsiinesaft 'appelsinsaft' (standardtysk Orangensaft).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg