Preterito-presentiske verb er germanske verb der presens har form som preteritum av sterke verb. Norske eksempel på slike verb er veit, skal, kan og tarv:

Faktaboks

Uttale
pretˈerito-presˈentiske verb
  • vite – veit – visste – visst
  • skulle – skal – skulle – skulla
  • kunne – kan – kunne – kunna
  • turve – tarv – turvte – turvt

Presensforma veit har same form som sterke preteritumsformer av typen beit og sleit. Presensformene skal, kan og tarv har same form som sterke preteritumsformer av typen bar, stal og skalv.

Desse verba har svak bøying i preteritum og perfektum partisipp.

Historisk opphav

Presensformene av preterito-presentiske verb kjem av urindoeuropeiske perfektum-former.

Norrønt veit '(eg) veit' kjem via urgermansk *waita 'eg veit' frå den urindoeuropeiske perfektumforma *wóydH2a 'eg har sett'. Dette verbet er nemleg etymologisk i slekt med latin vidēre 'sjå'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg