Tørkesommaren i 2018: Satellittbileta viser området rundt Slagelse i Danmark i juli 2017 og juli 2018. Lite nedbør saman med uvanleg høge temperaturar over lang tid gav svært høg fordamping og tørke over store delar av Europa sommaren 2018.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Kartet viser fare for tørke og er basert på tørkehendingar i perioden 1901-2010. Faren for tørke er generelt høgast i halvtørre (semiaride) område og lågast i tropiske område.
Av .
Lisens: CC BY 4.0

Artikkelstart

Tørke er ein lengre periode der eit område får mindre nedbør enn normalt. Lite nedbør over lengre tid påverkar det hydrologiske krinsløpet, og ein kan få ulike typar tørke.

Meteorologisk tørke, altså ein periode med lite nedbør over tid, kan gje jordbrukstørke. Det vil seie at det oppstår vassunderskot i jorda. Vidare kan ein få hydrologisk tørke, altså låg grunnvasstand og mindre vassføring i elver. Hydrologisk tørke kan òg oppstå når vassforbruket overstig tilførsla av vatn frå nedbørfelt.

Tørke utviklar seg seint og kan vare i fleire månadar. Lite nedbør eller mindre tilsig over tid får konsekvensar for økosystem og økonomi. I Noreg påverkar tørke først og fremst sektorar som vassforsyning, jord- og skogbruk, vasskraft og industri. I Noreg kan vi oppleve tørke både om sommaren og vinteren. Døme på tørkehendingar i Noreg i seinare tid er vinteren 2009–2010 og tørkesommaren i 2018, med stor fare for skogbrannar.

Hyppigare tørke er ei sentral følge av klimaendringane.

Utbreiing

Tørke kan oppstå dei fleste stadar på Jorda, men med ulik lengd og frekvens. Nærast permanent tørke finn ein i Jordas ørkenområde. Her vil jordbruk berre vere mogleg ved irrigasjon (vatning). Sesongprega tørke oppstår jamleg i område som har ein årleg syklus med regntid og tørketid.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg