Marikåpeblomar. Tåsen i Oslo.
Marikåpe

Marikåpe. Fjellmarikåpe. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Marikåpe, eigentleg marikåpeslekta, er ei slekt i rosefamilien. Marikåpeslekta har 27 artar i Noreg som er tilpassa ulike vekstforhold. Artane glattmarikåpe og kjeldemarikåpe er vanlege i fjellet, medan skårmarikåpe er vanleg i låglandet.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Alchemilla
Beskriven av
Carl von Linné

Eigenskapar

Marikåper er fleirårige plantar med handlappa eller kopla blad og grøne blomar i kvastar. Dei har inga krone, men firetalig beger og ytterbeger.

Fjellmarikåpe har 5–7-kopla, silkelodne blad og er vanleg i fjellet i heile Noreg. Den største artsgruppa har runde, handlappa blad og er samanfatta under namnet A. vulgaris.

Formeiring

Formeiringa skjer ved partenogenese, ei form for ukjønna formeiring som inneber at eit nytt individ utviklar seg frå ei ubefrukta holeg kjønnscelle (eggcelle).

Artar

Etter at det vart klarlagt at formeiringa skjer ved ukjønna formeiring, vart slekta delt opp i mange artar, derav 27 i Noreg.

Dei vanlegaste av dei minst hårete artane er glattmarikåpe og kjeldemarikåpe, som begge er vanlege i fjellet, og skårmarikåpe som også er vanleg i låglandet. Av dei lodne er grannmarikåpe vanleg på tørre, skrinne stader, medan engmarikåpe veks på fuktigare og feitare jord. Av større geografisk interesse er kystmarikåpe, som i Noreg er vanleg i ytre Hordaland, men som elles berre er funne eit par stader i Sogn, Sunnfjord og ved Molde.

Fleire av artane i marikåpeslekta er raudlista. Dette gjeld mellom anna buttmarikåpe, kystmarikåpe og vollmarikåpe.

Namnet Alchemilla skriv seg frå alkymistane i mellomalderen. Når dei skulle prøve å laga gull av uedelt metall, samla dei vassdropar på marikåpeblad til å ha i smeltedigelen.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

marikåpe
Alchemilla
Artsdatabanken-ID
103219
GBIF-ID
3027437

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg