Gard i Stange

Storgard med driftsbygning i Stange i Hedmark.

Av /KF-arkiv ※.
Husklyngje i Sogn

Hauglum, Vik i Sogn. Hus frå fleire bruk bygde om kvarandre i ei uregelmessig klyngje. Foto frå 1929.

Av /KF-arkiv ※.
Ekne i Nord-Trøndelag
Ekne i Nord-Trøndelag
Ekne i Nord-Trøndelag
Fjøs

Norsk fjøs. Bonden fôrar kalvar med kraftfôr.

Av /NTB.
Gard i Stjørdal

Trøndelag er kjenneteikna av det lukka trøndertunet med ein lang hovudbygning langs den eine sida. Biletet viser ein gard i Stjørdal i Trøndelag, fotografert i mai månad.

Gard i Stjørdal
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Låve

Låve frå Stange i Hedmark, ca. 1860. Ein moderne låve for si tid, med køyrebru, fôrtrev over stallen, treskelåve og høygolv. På 1800-talet gjekk utviklinga vekk frå dei mange spesialiserte småhusa på garden mot einingsdriftsbygningar med fleire funksjonar samla i låven.

Låve
Av .
Lisens: fri

Gard er ein eigedom på landet som omfattar husa for folk, fe og avling og dessutan inn- og utmark, skog, elvar og vatn og rettar som følgjer med eigedommen.

Faktaboks

Også kjend som

gårdsbruk, bruk, gård, bondegård, bondegard

Norske gardar

Det er karakteristisk for norske gardar at bruka er små. Det gjennomsnittlege jordbruksarealet for norsk bondegardar i drift er 254,7 dekar (2020). Eit anna karakteristisk trekk er at antalet gardsbruk i Noreg har gått jamt nedover i tida etter andre verdskrigen, frå cirka 213 000 bruk med over 5 dekar jordbruksareal i 1949 til 38 633 jordbruksbedrifter i 2020. Av desse var 36 691 personlege brukarar, medan 1310 var ansvarlege selskap (samdrifter) og 712 var samdrifter.

Strukturen blir gradvis endra ved at dei minste bruka forsvinn, medan antalet med jordbruksareal på over 300 dekar har auka frå 7800 i 2001 til 10 973 i 2021. Dei mest omfattande produksjonane i 2020 var sauehald (9415 bedrifter), mjølkeproduksjon med storfe (6803) og korn og oljevekstar (6304). Det har vore ein tilbakegang i antalet bruk i all desse produksjonane, men minst på sau. Einsidig kjøtproduksjon med storfe har auka dei seinare åra, og i 2020 var det 4237 gardar som dreiv med dette.

Gardane i Noreg ligg spreidd og enkeltvis, og det finst praktisk talt ikkje landsbybusetnad. Størstedelen av arbeidet på norske gardar blir utført av eigaren og den nærmaste familien – berre 2200 bruk (5,3 prosent) blir drivne av upersonlege brukarar som samdrifter, aksjeselskap eller institusjonar.

Historie og byggjeskikkar

Husa rundt tunet har alltid vore ramma om arbeidet til bondefamilien. Utforminga av tunet varierer frå landsdel til landsdel. I eldre tid blei husa stort sett bygde slik som forfedrane gjorde det, men det har naturlegvis skjedd store forandringar gjennom hundreåra. I bronsealderen var husa runde eller firkanta, medan dei i jernalderen var lange, opptil 60 meter, og firkanta. Veggane var låge og tjukke og førte opp i stein. Dei blei antakeleg brukte både til folk og husdyr på garden, særleg på dei mindre gardane.

Då ein byrja å lafte husa, fekk tunet ein annan utsjånad. Lafteteknikken førte òg til at det blei bygd ei rekkje hus på gardsbruka, ofte eitt hus til kvart behov. Det finst døme på bruk med opptil 30 enkelthus. På 1800-talet byrja ein igjen å byggje færre, større hus. Under anlegget av tunet i gamle dagar blei det sjeldan utført nokon planeringsarbeid: Husa blei plasserte slik det passa med terrenget, ofte utan eller med ein dårleg grunnmur.

Regionale skikkar

Sjølv om terrenget blei utnytta slik det var, blei det brukt eit visst system i utforminga av tunet, og dette var ulikt frå landsdel til landsdel. Delinga av bruka kunne føre til at det blei klyngjebusetnad fordi sønene som delte det opphavlege bruket mellom seg, sette opp nye hus på det gamle tunet. Denne utforminga har særleg funne stad på Vestlandet og Sørlandet. Mest kjent er Agatunet i Ullensvang og Havråtunet i Osterøy.

I Setesdal var det vanlegare med rekkjebusetnad, der ein la innhusa og uthusa i to rekkjer anten parallelt eller i vinkel til kvarandre. På Austlandet fekk ein ei utforming med to tun: Innhusa blei bygde rundt tungarden, og uthusa blei sette rundt eit anna tun, nautgarden. Det systemet er no best bevart i Gudbrandsdalen, men finst òg andre stader.

På Austlandet er firkanttuna vanlegast no. Her ligg husa rundt eit meir eller mindre regelmessig firkanta tun. Trøndelag er kjenneteikna av det lukka trøndertunet med ein lang hovudbygning langs den eine sida, der dei tre andre sidene gjerne er danna av uthusa og eitt eller fleire stabbur. Utanfor firkanten ligg så smia og badstova. Den regelmessige karakteren til trøndertunet heng òg saman med at løe og stall ofte blei bygde i to etasjar. I Nord-Noreg er hovudbygningane stort sett som i Trøndelag, men firkantsystemet er ikkje så fast – uthusa ligg i rekkje eller uregelmessig.

Landbruksbygningar

Landbruksbygningar er ei samlenemning på driftsbygningar, uthus, bygningar som er nødvendige for drifta til garden, med rom for avling, husdyr, fôr, maskinar og reiskapar, med meir.

Sjølv med den omlegginga i retning av husdyrlaust jordbruk som har gått føre seg i mange år, er norsk landbruk samla sett basert på husdyrproduksjon, som er avhengig av landbruksbygningar. Husdyrromma er bustaden og produksjonslokalet til dyra. Eit best mogleg tilpassa klima for kvart dyreslag, og for utviklingstrinnet til dyra, er avgjerande for trivselen og produksjonen deira.

Temperatur

Sauer toler godt ein temperatur omkring eller til og med under frysepunktet. For andre dyreslag må husa isolerast. Vaksne storfe trivst godt ved 4–5 °C, men det blir anbefalt 10–12 °C for fjøsar der dyra står på bås. I lausdriftfjøsar kan også mjølkekyr tole låg temperatur, men det må vere noko varmare for kalvar. I mjølkingsavdelinga må det alltid vere varmegradar. Kyllingar og smågriser krev 20–25 °C.

Planløysing

Ein tradisjonell norsk landbruksbygning er eit treetasjes uthus (låve), med stråfôrlager med køyrebru over husdyrromma og gjødselkjellar under. Såkalla «låghus» i éin etasje har etter kvart blitt vanleg ved nybygging. Dei har grovfôrlager ved sida av husdyrromma. Gras-siloane utgjer som regel det meste av fôrlageret. Gjødselkjellar under husdyrromma er framleis vanleg, men særskilde gjødsellager utanfor bygningen har fått innpass mange stader.

Også ved husdyrlaust jordbruk trengst det som regel landbruksbygningar, som veksthus og lagerrom for korn, poteter, maskinar og reiskapar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Almås, Reidar ofl. (2002). Norges landbrukshistorie. ISBN 82-521-5584-7.
  • Berg, Arne (1968). Norske gardstun.
  • Bjerke, Gunnar (1950–1951). Landsbebyggelsen i Norge, 2 bd.
  • Christensen, Arne Lie (1995). Den norske byggeskikken. Hus og bolig på landsbygda fra middelalder til vår egen tid. ISBN 82-530-1735-9.
  • Christensen, Arne Lie (2002). Det norske landskapet (del 2). ISBN 82-530-2298-0.
  • Hjulstad, Olav (1991). Uthushistorie. ISBN 82-529-1354-7.
  • Ljøsne, Anne Grete (1993). Naturen og menneskeverket. Vår gamle trearkitektur i nytt lys. ISBN 82-560-0873-3.
  • Myhre, Bjørn & Øye, Ingvild (2002). Norges landbrukshistorie, bd. 1. ISBN 82-521-6009-3.
  • Visted, Kristofer & Stigum, Hilmar (1971). Vår gamle bondekultur, bd. 1, 3. utg., s. 47–153.
  • Vreim, Halvor (1947). Norsk trearkitektur, ny utg.
  • Våge, Jan (2000). Hus og tun gjennom tidene. ISBN 82-557-0430-2.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg