Elativ er i grammatikken ein kasus som uttrykkjer retning ut av noko, som når vi på norsk seier «Ho sprang ut av huset».

Faktaboks

Uttale
ˈelativ
Etymologi
av latin elatus ‘ført/boren ut’, perfektum partisipp av efferre 'føre/bere ut'

Elativ finst i fleire uralske språk, mellom anna i dei austersjøfinske språka (mellom anna finsk, kvensk, estisk) og ungarsk.

Elativ i finsk

I finsk blir elativ uttrykt med suffikset -sta / -stä (vokalen varierer etter vokalane i stamma), som i talosta 'ut or huset' og Helsingistä 'frå Helsingfors'.

Elativ er ein indre kasus

I finsk grammatikk blir elativ kalla ein indre kasus, i lag med illativ (indre tilstadskasus) og inessiv (indre påstadskasus), som i desse døma:

  • Illativ: taloon 'inn i huset'
  • Inessiv: talossa 'i huset'
  • Elativ: talosta 'ut av huset'

Indre kasus står i motsetnad til ytre kasus

Dei tre indre kasusa står i motsetnad til tre ytre kasus, allativ (ytre tilstadskasus), adessiv (ytre påstadskasus) og ablativ (ytre fråstadskasus), som illustrert i desse eksempla, med substantivet pöytä 'bord' (stamma er pöydä- føre mange kasus-suffiks):

  • Allativ: pöydälle 'opp på bordet'
  • Adessiv: pöydällä 'på bordet'
  • Ablativ: pöydälle 'frå bordet'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg