Adessiv er ein grammatisk kasus som primært tyder 'på overflata av' – jamfør finsk pöydällä 'på bordet', som er adessiv av pöytä 'bord'.

Faktaboks

Uttale
ˈadessiv
Etymologi
av latin ad esse, ‘være i nærheten av’

Adessiv finst i fleire uralske språk, mellom anna i dei austersjøfinske språka (mellom anna finsk, kvensk, estisk) og ungarsk. Det einaste indoeuropeiske språket som har dette kasuset, er truleg det iranske språket ossetisk.

Adessiv i finsk

Finsk har adessiv-suffikset -lla ~ -llä (avhengig av vokalane i stamma). Dei vanlegaste tydingane til kasusen adessiv i finsk er 'på' og 'ved', som illustrert i desse setningane, der asema 'stasjon' og vyö 'belte' har kasuset adessiv:

  • Juna on asemalla. 'Toget (juna) er (on) på stasjonen (asemalla)'
  • Puukko on vyöllä. 'Kniven (puukko) er (on) ved beltet (vyöllä)'

Adessiv blir òg nytta i mange tidsutttrykk der det kan setjast om med 'om', som i talvella 'om vinteren' og päivällä 'om dagen'.

Finsk har ikkje noko verb som tyder 'ha', og brukar i staden ein konstruksjon der eigaren (den som har noko) står i adessiv:

  • Toivolla on uusi vene 'Toivo har ein ny båt', det vil seie "Hos Toivo (Toivolla) er (on) ny (uusi) båt (vene)"

I finsk grammatikk blir adessiv kalla eit ytre påstadskasus, og står i motsetnad til allativ (ytre tilstadskasus) og ablativ (ytre fråstadskasus), som illustrert i desse eksempla, med substantivet pöytä 'bord' (stamma er pöydä- føre mange kasus-suffiks):

  • Allativ: pöydälle 'opp på bordet'
  • Adessiv: pöydällä 'på bordet'
  • Ablativ: pöydälle 'frå bordet'

Dei tre ytre kasusa står i motsetnad til tre indre kasus, illativ (indre tilstadskasus), inessiv (indre påstadskasus) og elativ (indre fråstadskasus), som i desse eksempla, der talo tyder 'hus':

  • Illativ: taloon 'inn i huset'
  • Inessiv: talossa 'i huset'
  • Elativ: talosta 'ut av huset'

Adessiv i ungarsk

Ungarsk har som finsk eit sett med ytre og indre til-, på- og frå-stadskasus, som kan illustrerast for å vise bruken av adessiv i høve til dei fem andre, med substantiva asztal 'bord' og kéz 'hus':

  • Allativ: asztalra 'opp på bordet'
  • Adessiv: asztalon 'på bordet'
  • Ablativ: asztalról 'frå bordet'
  • Illativ: kézbe 'inn i huset'
  • Inessiv: kézben 'i huset'
  • Elativ: kézből 'ut av huset'

Adessiv i ossetisk

Det iranske språket ossetisk har vore utsett for ein langvarig påverknad frå kaukasiske språk, og har utvikla eit kasussystem som elles er uvanleg for iranske språk. Ossetisk skil mellom anna mellom kasusa adessiv 'på' og inessiv 'i', her illustrert med сӕр (sɐr) 'hovud' (språket blir skrive med det kyrilliske alfabetet):

  • Inessiv: сӕры (sɐrə) 'i hovudet'
  • Adessiv: сӕрыл (sɐrəl) 'på hovudet'

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg