Viggo Ullmann

Faktaboks

Viggo Ullmann

Johan Christian Viggo Ullmann

Født
21. desember 1848, Kristiania (no Oslo)
Død
30. august 1910, Vestre Aker (no Oslo), gravlagd på Vestre Gravlund

Viggo Ullmann var skulemann og politikar for Venstre. Han gjekk inn for kvinneleg røysterett.

Av /Nasjonalbiblioteket.

Artikkelstart

Viggo Ullmann var ein norsk folkehøgskulemann, målmann og Venstre-politikar. I dei siste tiåra av 1800-talet var Ullmann ein av landets mest markerte offentlege personar og ein kjend talar. I 1886 fremja han forslag i Stortinget om røysterett for kvinner.

Bakgrunn

Johan Christian Viggo Ullmann var fødd i Kristiania og døydde i Vestre Aker (no Oslo). Han var son av Vilhelmine Ullmann (fødd Dunker) og bror av Ragna Nielsen. Han tok examen artium i 1866, var huslærar i tre år og vart cand.philol. ved universitetet i Kristiania i 1872.

Folkehøgskule

Ullmann var i oppveksten påverka av grundtvigianismen gjennom mor si. I studietida kom han inn i eit grundtvigiansk miljø i Kristiania, der han vart kjend med folkehøgskulepionerane Christopher Bruun og Olaus Arvesen. Hausten 1872 gjekk han på Askov Højskole, og dei neste tre somrane var han lærar ved Sagatun folkehøgskule ved Hamar.

Etter inspirasjon frå Danmark oppretta han ein ny folkehøgskule i Sør-Noreg. I åra 1873–1879 dreiv han sin eigen folkehøgskule, først i Austre Moland i Aust-Agder, så i Landvik ved Grimstad, deretter fleire stader i Telemark – i Seljord, Drangedal, Gjerpen og Vinje. I 1884 skipa han ein fast folkehøgskule på Utgarden i Seljord, som han dreiv fram til 1902. Han var pasifist på religiøst grunnlag, og innførte fredssaka i folkehøgskulen. Han var òg ein kjend folketalar, med radikale standpunkt.

Politisk karriere

Ullmann var stortingsrepresentant for Venstre i åra 1886–1900 og stortingspresident i 1892–1894 og 1898–1900. Han var formann i Norges Venstreforening i 1893–1894 og 1898–1900.

Ullmann si politiske linje var bestemd av ein religiøs og idealistisk motivert radikal sosialpolitikk. Saman med Anton Qvam sto han i spissen for Kvindestemmeretsforeningen sitt forslag på Stortinget om røysterett for kvinner på lik linje med menn. Forslaget var fremja i 1886, men allmenn røysterett ved stortingsval vart vedteke først i 1913.

I 1890 skipa han Stortingets Fredsforening og var den første formannen der. Han var òg ei tid formann i Norges Fredsforening (i dag Norges Fredslag), som var blitt skipa i 1885. Etter oppløysinga av unionen med Sverige i 1905 gjekk han inn for republikk.

Frå 1902 til han døydde, var han amtmann i Bratsberg amt (no Vestfold og Telemark).

Litterært arbeid

Han gav ut fleire skrifter, mellom anna verket Haandbog i verdenshistorien til brug for seminarier og ungdomsskoler samt til selvstudium, som kom i fire band i åra 1897 til 1909. Verket var sterkt prega av eit grundtvigiansk syn. Kona hans, Vilhelmine Marie Ullmann (fødd Eriksen), gav i 1916 ut ei samling Breve.

Han var elles medredaktør i Varden i 1891–1897 og var formann i Det norske Samlaget i 1891–1894.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anna Caspari Agerholt: Den norske kvinnebevegelses historie. Ny utgave med innledning av Kari Skjønsberg. Oslo 1973
  • A.M. St. Arctander: Skolemanden Viggo Ullmann. Et minde. Kvitseid 1912
  • Lars Eskeland: «Viggo Ullmann». Norsk Aarbok 1930. Bjørgvin 1930
  • Eva Kolstad: Utsnitt av lovforslag, komitéinnstillinger og debatter i Stortinget om Stemmerett for kvinner 17. mai 181411. juni 1913. Oslo 1963
  • Rasmus Stauri: Fire folkelærarar. Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullmann. Oslo 1930
  • Aslak Torjusson: Den norske folkehøgskulen. Opphav og grunnlag. Oslo 1977
  • Sigvart Tøsse: Kunnskap, danning og opplysning. Kunnskapssyn og danningsideal i norsk folkeopplysning på 1800-talet. Trondheim 1997
  • Einar Østvedt: «Viggo Ullmann. Idealisten, folkehøyskolemannen og politikeren». Årbok for Telemark 1968, Skien 1968

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg