Askov Højskole

Artikkelstart

Askov Højskole er ein folkehøgskuleSørjylland som har vore eit flaggskip for folkehøgskulane i Norden, og som hatt mange elevar frå Noreg.

Historie

Askov Højskole ligg mellom Kolding og Esbjerg på Sørjylland. Skulen vart grunnlagd i 1865 og var ei vidareføring av den første folkehøgskulen i Danmark, som var skipa i 1844 av Christian Flor i Rødding på Sørjylland. Den første styraren på Askov var Ludvig Schrøder.

Særmerkt for Askov var den «utvida» høgskulen, som vart opna i 1878, og som på vinterkursa hadde eit fagtilbod som først og fremst var mynta på elevar som allereie hadde gått på andre folkehøgskular. Dermed trekte skulen også til seg høgt kvalifiserte lærarkrefter, som til dømes fysikaren og oppfinnaren Poul la Cour, som er kjend for banebrytande vindmølleforsøk.

Grundtvigianismen og folkeopplysning

Askov Højskole fekk ei leiande rolle mellom dei nordiske folkehøgskulane og har vore set som grundtvigianismens «høgborg» fordi skulen i alle år har følgt ei linje som låg nær Grundtvigs tankar. Føremålet har alltid vore livslærdom – kunnskap om grunnvilkåra i tilveret – og folkeopplysning om viktige spørsmål i samtida. Skulen har stått for politisk og språkleg frigjering og har hatt mange elever frå dei andre nordiske landa, særleg frå Noreg og Island.

Norske elevar

I åra 1878–1892 var såleis nærare sju prosent av elevane norske. Mellom dei norske elevane på Askov finn vi Per Sivle, Lars Eskeland, Rasmus Løland, Inge Krokann, Klaus Sletten, Olav Sletto, Viggo Ullmann, Kristofer Uppdal, Ragnvald Vaage, Magnus Hydle og Hallvard Blekastad. Andre reiste til høgskulen for å studere det pedagogiske opplegget.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jørgen Bukdahl: Den norske højskole og Askov. Særtryk af «Dansk udsyn». 4.–5. hæfte. Kolding 1944
  • Hans Lund: Askov Højskole 1865–1915. København 1965
  • Rasmus Stauri: Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland. Kristiania 1920

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg