Vetle Vislie

Faktaboks

Vetle Vislie
Født
21. september 1858, Skafså i Tokke, Telemark
Død
7. februar 1933, Oslo
Av /Anno Domkirkeodden.
Lisens: CC PDM
Byste av Vetle Vislie foran stua hvor han vokste opp.
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Vetle Vislie var forfattar og lærar som formidla litteratur i læraryrket og som faglitterat.

Bakgrunn

Vetle Vislie var fødd i Skafså i Tokke i Telemark (no Vestfold og Telemark). Vislie gjekk lærarseminaret i Kviteseid og lærarskulen på Hamar. Frå 1881 arbeidde han som lærar i Kristiania. Han tok artium i 1885, var innom teologistudiet, men fullførte lærarutdanninga si 1887.

Frå 1897 byrja Vislie i den offentlege lærarskulen, først som adjunktElverum, så i Levanger, der han mellom anna blei viktig for eleven Olav Duun. I 1908 blei Vislie rektor på lærarskulen i Kristiansand. Seinare styrte han lærarskulen på Hamar (1914–1929). Han var sentral i fagleg og pedagogisk utvikling av lærarutdanninga.

På fødestaden hans i Skafså er det laga ein minnelund med statuar av Vetle Vislie, eidsvollsutsendinga Talleiv Huvestad, stortingsmannen Peter Mandt og bilethoggaren Anne Grimdalen.

Forfattarskapen

Den skjønnlitterære produksjonen hans følgde parallelt med anna arbeid. Mellom debuten, dramaet Utan hovding (1889) og fram til siste romanen, Eldbjørg (1931), leverte han bøker som i det ytre mest hentar stoff frå heimemiljøet i Telemark. Han skildrar kulturelle motsetnader i samtid og fortid: bondekultur i møte med moderniseringa og ulike livstolkingar i konflikt. Vislie lyfte fram breidda i norsk litteratur gjennom Boksoga (1901), som kom i fleire utgåver og fekk utbreiing langt utover lærarutdanninga.

Vislie tok avstand frå pietismen i bøkene sine og krev nasjonal medvit. I Malm (1906), Lukkespel (1911) og Det nye riket (1913) er emnet møtet mellom bøndene og industrien. I 1890 gav Vislie ut eit stort verk om Aasmund Olavsson Vinje. Vislie var òg ansvarleg for utgivinga av Ivar Aasens Udvalgte skrifter i 1896.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjarte Birkeland: «Ein ny realisme. Grenda og verda», Norges litteraturhistorie. Oslo 1995
  • Olav Midttun: «Vetle Vislie», Menn og bøker. Litterære utgreiingar. Oslo 1963
  • Erik Eggen: «Vetle Vislie», Syn og segn, 1928

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg