Med Vestlandsposten fekk avislesing eit gjennombrot på Vestlandet. Frå ein beskjeden start på 600 eksemplar i 1878, vaks opplaget raskt til det nådde 9000 i 1884. Namnevalet signaliserte at redaktøren Lars Oftedal ønskte at dette skulle vere noko langt meir enn ei byavis for Stavanger.
Vestlandsposten var ein landsomfattande talarstol for Lars Oftedal og den viktigaste inntektskjelda i det omfattande private omsorgskonsernet hans. Avisa blei verande ei av dei viktigaste nasjonale opinionsavisene, og storavisa på Vestlandet, fram til 1891.
Oftedal ville bruke pressa si aukande makt til å prege sed og skikk i kristen retning, og gjennom Vestlandsposten skulle den vestlandske vekkinga gi både religiøs og politisk opplysning utover heile landet. Demokratiske kyrkjereformer var viktige, det same var den framoverstormande målsaka. Men Vestlandsposten var òg levande oppteken av utviklinga av nye kommunikasjonar, grøfting, godt fjøsstell og verdspolitikk.
Lokalt fungerte avisa også som motkultur mot den etablerte borgarskapen i Stavanger, som var Alexander Kielland sine folk. Byen var inne i ei historisk omvelting, der det rike sildefisket hadde ført til ei innflytting som gjorde at Stavanger voks tre gonger så raskt som andre norske byar. Sildeeksporten skapte kapital, men også aukande fattigdom, og dei sosiale motsetningane voks.
I dei nasjonale stridsspørsmål søkte Oftedal og Vestlandsposten inn mot sentrum, og skreiv at «til det radikale Parti hører vi saaledes ikke». Avisa var vaktar av konstitusjonen og monarkiet, men valde å stå saman med Venstre i vetostriden i 1880.
Den politiske utviklinga etter at ministeriet Johan Sverdrup fall i 1889 svekte også Vestlandsposten sin posisjon som politisk riksorgan. Med redaktør Oftedal sitt fall i 1891 fall også autoriteten hans bort. Redaktørstolen blei overteken av Ole Vollan, som i mange år alt hadde vore den reelle politiske redaktøren. Han sende artiklane sine frå Bergen kvar kveld med Nattruta, medan Jakob Sverdrup skreiv frå hovudstaden. Avisa hangla vidare til 1916, då ho gjekk inn i Stavangeren saman med dagbladet Vestlandet.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.