Ulf Kristersson

Faktaboks

Ulf Kristersson

Ulf Hjalmar Kristersson

Født
29. desember 1963, Lund, Sverige
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Ulf Kristersson er ein svensk konservativ politikar og siviløkonom. Han er sidan 2017 partileiar for Moderaterna, det største borgarlege partiet i Sverige.

Bakgrunn

Ulf Hjalmar Kristersson er fødd i Lund i Sverige og voks opp i Eskilstuna i Södermanland. Han er utdanna siviløkonom ved Uppsala Universitet. Frå 1988 til 1992 var Kristersson leiar for Moderaternas Ungdomsförbund, der han vart medlem som tenåring på St. Eskils gymnasium. Mellom 1995 og 1998 var han òg marknadssjef i den næringsliberale tankesmia Timbro.

Politisk karriere

Frå 1991 til 2000 representerte han Moderaterna i Riksdagen. Etter 2000 arbeidde Kristersson eit par år i det private næringslivet, før han gjekk tilbake til politikken i 2002, først som kommunalråd for finans i Strängnäs og frå 2006 som byråd for sosiale tenester i Stockholm. Frå 2010 til 2014 var han trygdeminister i regjeringa til Fredrik Reinfeldt, som var ei borgarleg koalisjonsregjering.

Etter valet i 2014 gjekk Kristersson tilbake til Riksdagen og fekk posisjonen som nestleiar i finansutvalet og finanspolitisk talsperson for Moderaterna. I 2017 vart han vald til ny partileiar i Moderaterna etter Anna Kinberg Batra. Han var borgarleg statsministerkandidat ved riksdagsvalet i 2018, som enda med at regjeringa med Socialdemokraterna og Miljöpartiet vart sitjande med støtte frå dei borgarlege partia Centerpartiet og Liberalerna.

Som partileiar har Kristersson profilert seg på ein strengare politikk innanfor innvandring, integrering og justis, og han har kritisert den meir liberale politikken Moderaterna førte under Fredrik Reinfeldt. Samstundes har han teke skarp avstand frå Sverigedemokraterna, som har henta mange veljarar frå Moderaterna.

Kristersson har definert seg som liberalist med konservative innslag og går inn for ein «verdibasert pragmatisme» som søkjer praktiske løysingar og samarbeid med utgangspunkt i dei verdiane partiet står for.

Utgjevingar

Kristersson har gitt ut fleire debattbøker, mellom dei Klyftan mellan väljare och valda (1988), Non-working generation (1994) og Trygghet och välfärd i en ny ekonomi (2000).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg