Sverigedemokraterna sin logo, kalla «blåsippan».
Jimmie Åkesson
Sverigedemokraternas partileder Jimmie Åkesson taler under Almedalsveckan 2017.
Av /News Øresund.
Lisens: CC BY 3.0

Sverigedemokraterna (SD) er eit svensk politisk parti, stifta i 1988. Partiet har profilert seg med ein skarp kritikk av svensk innvandringspolitikk, og blir av dei andre politiske partia skulda for å spreie eit framandfiendtleg og rasistisk bodskap.

Faktaboks

Også kjend som

SD

Jimmie Åkesson er partileiar sidan 2005.

Oppstart

Sverigedemokraterna vart skipa i 1988 som eit «interesseparti for svenskar». Sverigedemokraterna har utspringet sitt frå rasistiske rørsler i 1980- og 1990-åra, slik som Bevara Sverige Svenskt (BSs) og Sverigepartiet. Sidan midten av 1990-åra har dei prøvd å fjerne seg frå desse røtene, og i 2012 erklærte partileiar Jimmie Åkesson «nulltoleranse mot rasisme» i partiet. Seinast før valet i 2018 vart det avslørt at partiet hadde kandidatar og tillitsvalde med band til høgreradikalisme, noko som førte til at desse medlemmene vart ekskluderte.

Politikk og ideologi

Sverigedemokraterna profilerer seg særleg på motstand mot innvandring og krav om ein strengare integreringspolitikk. I prinsipprogrammet definerer SD seg som eit sosialkonservativt parti med eit nasjonalistisk grunnsyn. Det inneber mellom anna at dei forsvarer den svenske velferdsmodellen, men vil i større grad avgrense han til svenske statsborgarar. Politiske motstandarar, kommentatorar og forskarar omtaler ofte partiet som høgrepopulistisk. SD er òg opptekne av betre kriminalitetsbekjemping og eldreomsorg, og har profilert seg som ein sterk kritikar av utviklinga av EU.

Valet av Mikael Jansson til partileiar i 1995 blir ofte rekna som første steg bort frå miljø med opne rasistiske og nynazistiske haldningar, mellom anna vart det innført forbod for partimedlemmer å trekkje i uniform. Denne tendensen vart ytterlegare forsterka med valet av Jimmie Åkesson som partileiar i 2005. Under leiinga hans har SD framleis arbeidd med å tone ned den framandfiendtlege profilen og utvide den politiske basen til partiet.

Etter Europaparlamentsvalet i 2014 vart partiet medlem av den EU-skeptiske og høgreorienterte partigruppa Europa for fridom og direkte demokrati, som mellom anna også inkluderer det britiske partiet United Kingdom Independence Party (UKIP). I 2018 forlét Sverigedemokraterna denne partigruppa og gjekk over til partigruppa Europeiske konservative og reformatorar.

Ingen av dei andre partia i den svenske Riksdagen har til no ønskt å samarbeide med SD, fordi dei oppfattar det som eit populistisk parti med rasistiske røter. Historia til partiet og ein ytterleggåande nasjonalistisk retorikk har gjort SD vanskelegare å akseptere enn det norske Framstegspartiet. Oppslutnaden om SD, kombinert med motstanden frå dei andre partia, gjorde det krevjande å danne regjering i Sverige etter vala i 2014 og 2018.

Ungsvenskarna: Sverigedemokratisk ungdom (SDU) er ungdomsorganisasjonen til partiet.

Oppslutning

Sidan starten av 2000-talet har SD hatt ein sterk vekst i talet på medlemmer, veljarar og folkevalde. Partiet har henta veljarar frå dei tradisjonelle styringspartia Socialdemokraterna og Moderaterna, og blant folk som ikkje har røysta tidlegare.

Partiet fekk dei første kommunestyrerepresentantane sine i 1994. Ved riksdagsvalet i 2006 fekk partiet 2,9 prosent av stemmene og vart ved lokalvalet representert i 144 kommunar. I 2010 fekk partiet 5,7 prosent av stemmene, braut dermed sperregrensa på 4 prosent og kom inn i Riksdagen med 20 mandat. Partiet er frå 2010 representert i 246 av dei 290 kommunestyra i landet og i 15 av 20 landsting. SD har størst oppslutning i dei sørlege delane av Sverige, særleg i Skåne.

I 2014 gjorde partiet eit brakval. Dei fekk 12,9 prosent av stemmene og vart dermed Sveriges tredje største parti. Det vart òg tredje største parti i 2018 med 17,5 prosent av stemmene, men framgangen var ikkje så sterk som mange hadde spådd på førehand. Ved Europaparlamentsvalet i 2014 fekk partiet valt inn to representantar.

Ved valet 2022 vart Sverigedemokraterna Sveriges nest største parti med 20,5 prosent av stemmene, og partiet bidrog til den borgarlege valsigeren.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (2)

skreiv Ingrid Herud

Hei, hvor kan jeg finne kilder til innholdet som er skrevet her?

svarte Ida Scott

Hei! Forfatter av artikkelen anbefaler følgende bøker: *http://www.tandfonline.com/doi/abs/10.1080/00344890802237031 *https://books.google.no/books?hl=no&lr=&id=YWleBAAAQBAJ&oi=fnd&pg=PP1&dq=widfeldt+anders&ots=T_OAitUziu&sig=vRnX4PYYnlxjCCFCZkvdez_ULdk&redir_esc=y#v=onepage&q=widfeldt%20anders&f=false *http://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/1467-9477.12024/full *https://link.springer.com/article/10.1057/ap.2013.18 Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg