Sylvelin Vatle

Faktaboks

Sylvelin Vatle
Født
4. september 1957, Arna i Bergen, Vestland
Sylvelin Vatle.
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Sylvelin Vatle er forteljar, formidlar og forfattar av bøker for barn, ungdom og vaksne.

Bakgrunn

Sylvelin Vatle er fødd i Arna i Bergen i Hordaland (no Vestland) og voks opp på Osterøy i Hordaland (no Vestland). Ho tok examen artium ved Åsane gymnas i 1976 og var ferdig utdanna sosionom ved Stavanger sosialhøgskole (no Universitetet i Stavanger) i 1984. Ho er òg føredragshaldar og spaltist i Stavanger Aftenblad.

Forfattarskapen

Vatle har skrive fleire barnebøker, romanar for vaksne og noveller, og ho har redigert antologiar og leidd skrivekurs. Vatle debuterte i 1991 med romanen Alle kjenner vel presten. Denne boka fekk ho Tarjei Vesaas' debutantpris for. Seinare kom mellom anna romanen Bent Skute – ei forteljing (1993), fabelen Den åttande dagen (1996) og romanane Ville liljer (2000) og Mørket bak Gemini (2002).

Vatle har gitt ut fleire barnebøker, m.a. fantasyserien for barn om Tim Brentloff. Her bruker Vatle norrønt mytologistoff. Tim Brentloff er ingen superhelt, men snarare ein pinglete svekling som får innsikt i seg sjølv og redslene sine. I bøkene vender forteljaren seg direkte til lesaren og kommenterer handlinga, som er ute av hennar kontroll. Den første boka var Tim Brentloffs eventyr (2003). Bok nummer to, Fenrisulvens forbannelse, kom i 2006 og Skatten i dragegrotta i 2008.

Ho har òg gitt ut barneboka Topphemmelig dagbok for Lars (1998) og ei diktbok for barn, Skurker og agurker, pirater og undulater (2009). I 2010 kom barneboka Ramna-Floke som handlar om mannen som ga namn til Island.

Vatle har reist på skuleturnear over heile landet i regi av Den kulturelle skulesekken med ei framsyning av «Tim Brentloffs eventyr», og med framsyninga «Mozart – trazoM» i regi av Rikskonsertane.

Bibliografi

  • Den 13. engelen (Krim og spenning, Commentum, 2016)
  • Ramna-Floke (Barnebok, Samlaget, 2010)
  • Skatten i dragegrotta (Barnebok, Cappelen Damm, 2008)
  • Fenrisulvens forbannelse (Barnebok, Cappelen, 2006)
  • Tim Brentloffs eventyr (Barnebok, Cappelen, 2003)
  • Mørket bak Gemini (Roman, Cappelen, 2002)
  • Gubben som ville fange jula i ein håv (Barnebok, Landbruksforlaget, 2002)
  • Ville liljer (Roman, Cappelen, 2000)
  • Stemmer fra Rogaland (Antologi, Samlaget, 1999)
  • Topphemmelig dagbok for Lars. (Barnebok, Cappelen, 1998)
  • Den åttande dagen. (Roman, 1996)
  • Bent Skute – ei forteljing. (Roman, 1993)
  • Alle kjenner vel presten? (Roman, 1991)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg