Faktaboks

Stjørdalens Blad
Offisielt namn
STJØRDALENS BLAD OG MALVIK-BLADET AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Stjørdal
Stifta
1892
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Forside av Stjørdalens Blad

Forside av Stjørdalens Blad 6. januar 1921.

Forside av Stjørdalens Blad
Nasjonalbilioteket .

Stjørdalens Blad var ei avis i Stjørdal. Avisa blei grunnlagd i 1892, og kom ut tre gonger ukentleg. Stjørdalens Blad var lokalavis for Stjørdal, med ei viss dekning i Meråker og Malvik.

Stjørdalens Blad vart i 2017 slått saman med Malvik-Bladet til Bladet.

Historie

To familiar hadde hand om Stjørdalens Blad dei første 84 åra. Etter ein periode i A-pressa er «Bladet» i dag ein del av Polaris-konsernet.

I 1887 kom Johan B. Foss til Stjørdal for å overta redigeringa av den første avisa på staden, Stjørdalens Tidende (etablert i 1877). Foss kom opphavleg frå Meldal og var boktrykkjar med bakgrunn i avis- og trykkjeribransjen i Bodø, Mosjøen og Tromsø.

Eigarane av avisa blei etter kvart misnøgde med Foss sine radikale politiske haldningar. Etter fire år følte Foss at tida var inne for å bryte med Stjørdalens Tidende, og han starta Stjørdalens Blad, som skulle bli «et uafhængigt Venstreblad og arbeide for Demokratiets Fremgang i Stat og Kommune». Johan B. Foss var i 70-årsalderen då han blei utgivar for den nye avisa. Sonen Johan Foss var redaktør frå starten i 1892 til 1920. Truleg delte han redaktørstillinga ei tid med faren, som levde til 1901.

Stjørdalens Blad heldt fram med å vere venstreavis også etter at «Bladet» fekk nye eigarar i 1920. John A. Schefte tok då over, og han starta også ein bokhandel. Utbreiinga av avisa var den gongen geografisk større enn i dei seinare åra. Schefte var redaktør i Stjørdalens Blad i 37 år. Han hadde mellom anna grunnlagt avisa Innherred i Steinkjer og seinare vore redaktør av Inntrøndelagen i same byen, før han kom til Stjørdal.

I 1921 gjekk Schefte over frå to til tre utgåver i veka, noko som styrka avisa si stilling i distriktet. Seinare kom bladet igjen berre to gonger i veka, til ut i 1960-åra. Asbjørn Schefte, som byrja i redaksjonen i 1930-åra, var redaktør i 25 år frå 1945, i 12 av åra saman med faren. I 1942 stansa okkupasjonsmakta avisa på grunn av papirmangel, men redaktøren sin frie penn var truleg òg ein grunn.

Folketalet auka, og det bidrog til vekst i opplaget og meir annonsering. Konkurransen var likevel hard, og Steinkjer- og Trondheims-avisene fekk alle etter kvart kontor i Stjørdal, i tillegg til lokalavisene Stjørdalingen og Stjørdalens Blad.

Stjørdalingen var først ute av dei to med å bli trykt i offsetrotasjon, som gav høve til større sidetal. I 1975 kom også «Bladet» i offset, og sidetalet auka frå fire sider i storformat til 16 sider i tabloid, og etter kvart fleire. Bladet voks, og fekk eit forsprang i høve til Stjørdalingen. Endringa skjedde i samband med at Schefte-familien selde Stjørdalens Blad til AS Trønderpresse, som også eigde Arbeider-Avisa i Trondheim. I 1988 blei Stjørdalens Blad skilt ut som eige aksjeselskap direkte under A-pressen og dekkjer i dag Stjørdal og Meråker. I 2015 blei Stjørdalens Blad kjøpt av Adresseavisen Gruppen og blei dermed ein del av Polaris-konsernet.

Opplag

Opplagstall for Stjørdalens Blad, 1986-2016

1986 7477
1988 7787
1990 7809
1991 7978
1992 7860
1993 7614
1994 7424
1995 7405
1996 7421
1997 7277
1998 7101
1999 7045
2000 7105
2001 7105
2002 7225
2003 7344
2004 7414
2005 7493
2006 7634
2007 7698
2008 7740
2009 7622
2010 7558
2011 7361
2012 7217
2013 6805
2014 6601
2015 6055
2016 5696
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag)
År Opplag
1893 700
1920 3000
1932 2000
1950 2667
1960 3284
1970 5790
1979 4031
1991 7978
2008 7740
2015 5918

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Salberg, Bjarne Tormod: Stjørdalens blad gjennom 100 år, 1992

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg