Sissel Solbjørg Bjugn

Faktaboks

Sissel Solbjørg Bjugn

Sissel Bjugn

Født
28. oktober 1947, Bardu, Troms og Finnmark
Død
14. juli 2011, Tromsø, Troms og Finnmark
Sissel Solbjørg Bjugn var ein ukonvensjonell forfattar som skreiv for vaksne og barn.
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Sissel Solbjørg Bjugn var ein norsk forfattar av skjønnlitteratur for barn og vaksne. Ho har sjølv illustrert nokre av bøkene sine.

Bjugn var fødd på Setermoen i Troms. Ho voks opp på Rygge og i Oslo. Frå 1972 studerte ho filosofi ved Universitetet i Tromsø (no UiT Norges arktiske universitet), og arbeidde ei tid i fiskeindustrien i Båtsfjord i Finnmark.

I 1978 kom debutboka, som ho sjølv har kalla ein montasje, med tittelen Den første avisa på Lofotveggen og andre tekstar. Metoden ho bruker i dette arbeidet, er ei samankopling av teikningar, sitat og eigne tekstar. Året etter følgde barneboka Stille etter elleve i Bokheimen. Sidan har ho skrive fleire diktsamlingar, forteljingar og barnebøker, og ho er representert i ulike antologiar.

Alt tidleg i forfattarskapen fekk ho fleire prisar: Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1979, Noregs Mållags barnebokpris i 1985, Blixprisen i 1989, Brageprisen i 1992 og Melsomprisen i 1993.

Forfattarskapen

Sekstiåttargenerasjonen

Då Bjugn debuterte, var resultat av ny kvinneforsking viktig i samfunnsdebatten. Ho høyrer heime i sekstiåttargenerasjonen, som mellom anna sette spørsmål om tradisjonelle kjønnsroller i fokus, og forholdet mellom makt og avmakt, manns- og kvinnespråk. Bjugns tekstar er prega av slike spørsmål.

Stundom kan ho nytte eit provoserande ordval og obskøne uttrykk eller vere ironisk. Ho ville bryte ned gamle tabu og fordommar og ufarleggjere sexistisk språkbruk.

Nordnorsk univers

Mange av Bjugns bøker er forankra i eit nordnorsk univers. Ho kan vise oss glimt av røynda i eit nordnorsk perspektiv med klasseforskjellar og regionale problem i ei moderne tid, men er ikkje idylliserande og nostalgisk. Det vrimlar av engelske ord og uttrykk, produktnamn, titlar frå popmusikken og anna som gjer at lesaren veit kva tidsepoke ho skriv om.

Intertekstualitet

Intertekstuelt spel med andre tekstar er eit sentralt grep i dei fleste bøkene hennar, blant anna i diktsamlinga Spenn beltet kring livet og hald lampa tend! (1981), som tek utgangspunkt i gruvebyen Sulitjelma og arbeidsforholda der. Sulitjelma tener også som bakgrunn for Sulis' bok (1980), som gir ei nærast dokumentarisk skildring av gruvesamfunnet gjennom augene til eit barn, og Bill og ei til (1985), som kombinerer realisme og fantastikk. Begge er barnebøker som overskrid tradisjonelle grenser mellom barne- og vaksenlitteratur.

Bjugn flyttar tidvis personane sine til urbane miljø, ho er ikkje berre oppteken av aktuelle problem på heimebane. I tekstane hennar, som har mange lag med meining, finst det ei mengd allusjonar og undertekstar frå eldre litteratur, Bibelen og filosofi. I Bjugns tekstar er det store spenn i tid og rom.

I diktsamlinga Tornekysset (1992) inviterer ho intellektuelle og skapande kvinner inn i tekstane sine, frå den første kjende kvinnelege forfattaren Sapfo til den surrealistiske biletkunstnaren Frida Kahlo som «måla alle menn i senk!». Nokre av tekstane dediserer ho til norske kvinnelege forfattarar; eit døme er kortteksten om «superkatolikken» og «superforfattaren» «Fru Undset», som er tileigna Vigdis Hjorth.

Bjugn hadde eit medvite forhold til den kvinnehistoriske og kvinnelitterære tradisjonen, men viste vørdnad for mannlege kollegaer. «Da eg ville bli diktinne datt eg for alt som heitte diktar», skriv ho i Tornekysset, med hint om kven ho har i tankane.

Dessutan kunne ho påkalle jomfru Maria og andre katolske helgenar. Bjugn, som sjølv konverterte til katolisismen, stilte intrikate spørsmål ved patriarkatet i og utanfor den katolske kyrkja.

Bjugn har også tangert religiøse spørsmål i nokre av barnebøkene, men dreiv ikkje misjonering. I Ola trudde først (1994) skriv ho med sin spesielle montasjemetode mellom anna om gjenreisinga av Bodø kyrkje etter andre verdskrigen. I Brynhilds (2002) endar den vesle barneboka med ein bibelallusjon, noko ho gjer merksam på fremst i boka.

Ukonvensjonelt forfatterskap

Bjugn var eit leikande, men samstundes djupt alvorleg menneske. Ho gjekk til åtak på autoritetane, som når ho sjølvironisk samanlikna seg med Karl Marx eller leika med ideen om kvinneleg pave. Ho braut med vande konvensjonar og oppfatningar.

Bjugn la mykje vekt på det visuelle uttrykket, eksperimenterte med typografi som verkemiddel eller strødde om seg med ordspel og underfundige kommentarar. Nokre av collagetekstane kan framstå som ein happening, ei postmodernistisk reise i tid og rom. Ho viser vegen inn i ei fascinerande verd av kunst, filosofi og skjønnlitteratur.

Bibliografi

  • Den første avisa på Lofotveggen (Lyrikk, Samlaget, 1978)
  • Stille etter elleve i Bokheimen (Barnebok, Samlaget, 1979)
  • Sulis' bok (Barnebok, Samlaget, 1980)
  • Spenn beltet kring livet og hald lampa tend! Ei bok om gruva (Sakprosa, Samlaget, 1981)
  • Elisa der og Beth her (Barnebok, Samlaget, 1983)
  • Handa i buret/Hånden i buret (Barnebok, Samlaget, 1984)
  • Den magre narsissisten (Lyrikk, Samlaget, 1984)
  • Bill og ei til (Barnebok, Samlaget, 1985)
  • Stakkars Ungarn (Barnebok, Samlaget, 1986)
  • Bye, bye (Lyrikk, Samlaget, 1989)
  • Ti bestemødrer og eitt barnebarn (Barnebok, Samlaget, 1990)
  • Tornekysset (Lyrikk, Samlaget, 1992)
  • Jente i bitar (Barnebok, Samlaget, 1992)
  • Sjonglering og bjugnlering (Samlaget, 1994)
  • Ola trudde først! (Barnebok, Samlaget, 1994)
  • Lus (Barnebok, Samlaget, 1996)
  • Depp (Lyrikk, Samlaget, 1999)
  • Brynhilds (Barnebok, Samlaget, 2002)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Tone Birkeland m.fl.: Norsk barnelitteraturhistorie, 2. utg. Oslo 2005
  • Tone Birkeland, red.: Å skrive for barn. Oslo 1982
  • Inger Lise Breivik ofl.: Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
  • Irene Engelstad ofl.: Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 3. Oslo 1990
  • Ingrid Nymoen: «Sissel Solbjørg Bjugns forfattarskap», i Norsk litterær årbok. Oslo 1994
  • Øystein Rottem: «Pop-art og proletkunst: Sissel Solbjørg Bjugn», Norges litteraturhistorie, bd. 8. Oslo 1998
  • Einar Økland, Brit Bildøen og Gunnhils Øyehaug: «Helsingar til Sissel Solbjørg Bjugn i høve 60-årsdagen», Syn og Segn nr. 4/2007
  • Tor Eystein Øverås: «Litt om film og meir om ein tur til Levanger», Syn og Segn nr. 4/2007

Kommentarer (1)

skrev Uregistrert bruker

Artikkelen treng oppdatering. Ho døydde i fjor.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg