René er eit fransk mannsnamn som kjem av latin Renatus laga til renatus som tyder ‘fødd på ny’, jamfør det franske ordet renessanse som tyder ‘gjenføding’.

Namnedag er 8. juni. Renate har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet René

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var René Pierre Joys fødd 1895 i Fana (Hordaland), busett i Bergen i 1900. Han hadde fransk mor og norsk far. Det franske namnet hans kan forklarast på bakgrunn av at mora var fransk.

Kjende personar med namnet René

Eksempel på ein person med namnet Rene som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 110 menn (fødde i Noreg) som hadde René som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte René i perioden 1900–2017, var det 74 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor René. Dette inneber at 26 prosent hadde René som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg