Renate er eit kvinnenamn som er e-form av det latinske Renata som kjem av latinsk perfektum partisipp renat-us/-a som tyder ‘fødd på ny’.

Renate er mellom anna brukt i Tyskland, Nederland og Skandinavia.

Namnet har fleire variantar: Renata, Renate, Renathe.

Namnedag er 8. juni. René og Rene har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Renate

Eit utval personar med namnet Renate, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 114 kvinner i Noreg som hadde Renate som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Kvinnenamn med minst tre stavingar har oftast utanlandsk opphav. Til liks med namn på -a har mange namn på -e med minst tre stavingar fått ein popularitetstopp rundt år 2000, til dømes Irene, Merete, Cecilie, Vibeke, Jannicke, Kathrine, Marlene, Anine og Adele. Dette gjeld også Renate med topp litt før år 2000. Men i motsetning til nokre av namna på -a har namna på -e byrja å gå ned att, og Renate fekk eit bratt fall tidleg på 2000-talet.

Utvikling i bruk av namnet Renate frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Renate frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg