Raimond er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Raymond som er eit engelsk og fransk mannsnamn med opphav i gammalhøgtysk Ragin-mund. Forleddet tyder ‘råd, avgjerd’ og etterleddet ‘vernar’.

Dette er same namn som det tyske Reimund.

Namnet har fleire variantar: Raimon, Raimond, Raymon, Raymond, Raymund.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var ein innvandrar frå Sverige: handelsbetjent Raimond Theodor Ziegler fødd 1847, busett i Kristiania i 1865.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 menn (fødde i Noreg) som hadde Raimond som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg