Raymund

Artikkelstart

Raymund er eit mannsnamn som er kjent sidan 1888. Det er truleg laga med det nordiske etterleddet -mund etter mønster av det engelske og franske Raymond med opphav i gammalhøgtysk Ragin-mund. Forleddet tyder ‘råd, avgjerd’ og etterleddet ‘vernar’.

Namnet har fleire variantar: Raymond, Raimon, Raymund, Raimond, Raymon.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Raymund som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg