Faktaboks

Administrasjonssenter
Osøyro
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
20 804 (2019)
Landareal
134 km²
Høgaste fjell
Sveningen (843 moh.)
Innbyggjarnamn
osing
Kommunenummer
1243 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Kart
Av /Store norske leksikon ※.

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Os var ein kommune i tidlegare Hordaland fylke. Den vart i 2020 slått saman med Fusa til Bjørnafjorden kommune, og vart samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var del av ei landsomfattande kommunereform.

Os kommune låg lengst søraust på Bergenshalvøya mellom Lysefjorden i vest og Fusafjorden i aust, og dessutan øyane sør for halvøya. Os vart oppretta som kommune ved innføringa av lokalforvaltninga i 1837, og frå denne vart Fusa utskilt i 1856 og Samnanger i 1907. Bogstrand-området på vestsida av Samnangerfjorden vart i 1964 overført frå Fusa.

Natur

Berggrunnen i den tidlegare kommunen tilhøyrer Bergensfeltet, som utgjer ein del av den kaledonske fjellkjeda. Topografien er prega av ei strøkretning sørvest–nordaust der sonar av omdanna kambrosilurbergarter vekslar med soner av ulike prekambriske bergartar. I nord ligg eit område med gabbro, og i dette området når fjellet Svenningen 842 meter over havet. Frå austsida av fjellet renn Oselva til Fusafjorden ved Osøyro.

Ved Lysefjorden og i sør er kysten sterkt oppskore, og her er ein velutvikla skjergard med ei rekkje øyar, mellom anna Strøno (6,6 kvadratkilometer).

Busetjing

Busetjinga er tettast i dei lågareliggjande områda i sør med kommunesenteret i Bjørnafjorden, Osøyro. Andre tettstader i den tidlegare kommunen er Søfteland og Søre Øyane. Tettgrenda Søvik på grensa til Bergen høyrer til Bergen tettstad. I alt 87 prosent av befolkninga i Os budde i 2018 i tettstader, mot 80 prosent i Vestland samla sett.

Som forstadskommune til Bergen hadde Os eit jamt aukande folketal sidan andre verdskrigen. I periodar var denne veksten størst blant kommunane i Hordaland.

Næringsliv

Etter offentleg og privat tenesteyting er varehandel/hotell- og restaurantdrift viktigaste næring i Os etter sysselsetjing. Dette kjem av eit betydeleg forretningssenter og fleire hotell. Verkstadsindustrien er viktigaste industribransje.

Jordbruket har hovudvekt på mjølkeproduksjon og hagebruk, særleg blomsterdyrking i veksthus. Det blir òg halde noko sau. Det blir elles drive noko fiske, og Os har ei betydeleg oppdrettsnæring.

Ein stor del av dei busette arbeidstakarane i Os har arbeid i Bergen.

Historikk og kultur

Nordvest for Osøyro ligg ruinane av Lyse Kloster, som vart grunnlagt i 1146, og som var blant dei største jordeigarane i landet. Klosteret vart nedlagt i 1536. I Lysefjorden ligg Lysøya, der Ole Bull sette opp den særmerkte bustaden Lysøen. Huset er ope for turistar om sommaren. Militærleiren på Ulven vart under den andre verdskrigen nytta som fengsel av tyskarane.

Namn

Namnet kjem frå garden Os, som låg ved utløpet av Oselva. Denne har gitt namn både til den tidlegare kommunen og kommunesenteret Osøyro.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg