Leopold Mozart

Faktaboks

Leopold Mozart
Johann Georg Leopold Mozart
Uttale
mˈå:tsart
Født
14. november 1719
Død
28. mai 1787
Portrett av Leopold Mozart, måla av den austerrikske målaren Pietro Antonio Lorenzino.
Av .

Wolfgang Amadeus Mozart. Leopold Mozart musiserer med borna sine, Wolfgang Amadeus og Maria Anna. Samtidig måleri.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Leopold Mozart, tysk-austerrisk musikar, komponist og musikkpedagog. Han er i dag mest kjend som far til Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) og som forfattar av Versuch einer gründlichen Violinschule (1756), som er ei av dei viktigaste tekstene om fiolinspel frå 1700-talet.

Biografi

Leopold Mozart var fødd i Augsburg, som sonen til ein bokbindar. I 1737 braut han med familien, og byrja studiar ved universitetet i Salzburg. Her fullførte han ein grad i filosofi, men i 1739 blei han kasta ut av eit jusstudium for manglande oppmøte. Han fekk deretter arbeid som tenestemann og musikar under fyrst Johann Baptist Thurn-Valsassina.I 1743 blei han tilsett som fjerdefiolinist i hofforkesteret til erkebiskopen i Salzburg, Leopold Anton von Firmian; i 1758 blei han forfremma til andrefiolinist, og i 1763 til andrekapellmeister.

I 1747 gifta Leopold seg med Anna Maria Pertl (1720–1778). Av dei sju barna deira overlevde berre to, Maria Anna («Nannerl», 1751–1829), og Wolfgang Amadeus, til vaksen alder. Båe borna synte tidleg ekstraordinært musikalsk talent, og Leopold la langt på veg bort si eiga komponistverksemd for å gje dei ei mest mogleg fullstendig utdanning; han heldt likevel fram med å framføra sin eigen musikk og å oppfylla pliktene stillinga hans medførte. At han likevel aldri oppnådde ein høgare posisjon, kan ha samanheng med at han sidan brukte mykje tid og krefter på utdanninga og karrieren til barna sine.

I perioden 1762–1767 reiste familien på lange turnéreiser gjennom Tyskland, Benelux, Frankrike, England og Sveits. Desse reisene var med på å etablera eit namn for Wolfgang i Europa, men inntektene blei mindre enn venta, då både Leopold og båe borna var plaga av sjukdom. I åra 1769–1773 reiste Leopold og Wolfgang ut på fleire turnear til Italia åleine.

Å kombinera turnear med pliktene i Salzburg skulle visa seg å bli vanskelegare etter at den krevjande fyrst Hieronymus Colloredo (1732–1812) blei erkebiskop i 1772: Ein søknad om å få fri til å reisa til Paris med Wolfgang enda med trugslar om avskil. Difor blei ikkje Leopold, men Anna Maria med på denne reisa; ho døydde i Paris året etter.

Dei siste åra av livet til Leopold var prega av at han heldt fram med å involvera seg i liva til ungane sine etter at dei flytta ut. Trass i at det eksisterer ulike meiningar om forholdet mellom Leopold og borna hans, har ein nok ofte gått for langt i å framstilla han som ein kynisk tyrann. Det er liten grunn til å tvila på at han ynskte det beste for Wolfgang og Nannerl, men dette førte òg til at han stundom ville leggje føringar for dei òg i vaksen alder. Leopold var imot at Wolfgang flytta til Wien i 1779 – i sær sidan han hadde fått ei organiststilling i Salzburg to år tidlegare – og han meinte at ekteskapet hans med Constanze Weber var eit feilgrep. I 1784 gifta Nannerl seg med embetsmannen Johann Baptist von Berchtold zu Sonnenburg (1778–1830), og blei mor til fire steborn. Deira fyrste barn saman, Leopold (1785–1840), levde dei fyrste åra sine hjå bestefaren i Salzburg.

Produksjon som komponist

Musikken til Leopold Mozart har fått ei svært ujamn, og kanskje noko urettferdig, mottaking i moderne tid. Medan verk som openbart skil seg frå det normale, som verka hans med alpehorn som soloinstrument, har fått mykje merksemd, har lite interesse vore synt for meir konvensjonelt utforma verk.

I si eiga tid var Leopold tidleg ein langt viktigare figur i tysk musikkliv enn tittelen hans skulle tilseie. Dette ser ein av at Lorenz Mitzler, som var ein av dei viktigaste tyske musikkskribentane på midten av 1700-talet, allereie i 1755 ynskte å gjera han til medlem av Societät der Musicalischen Wissenschaften (Selskap for den musikalske vitskapen) i Leipzig, ei eksklusiv gruppe som mellom anna hadde Bach, Händel og Telemann som medlemmar. Dette hende før sonen hans var fødd, og før Versuch var utgjeve, så invitasjonen kom mest sannsynleg som eit resultat av at komposisjonane hans var kjende i Midt-Tyskland. Det er usikkert kvifor Leopold til slutt ikkje blei invitert.

Leopold skreiv etter eiga utsegn musikk i moderne stil i alle genrar, men mykje av produksjonen hans har gått tapt. Av materialet som har overlevd finn ein ei rekkje symfoniar frå 1750- og 1760-åra. Ein finn òg mindre korpus av andre orkesterverk, i sær konsertar for ulike instrument – men ikkje hovudinstrumentet hans, fiolinen – og kammermusikk. Leopold arbeidde òg flittig med kyrkjemusikk: Mange messer og mindre kyrkjeverk har overlevd i namnet hans, og vi kjenner til at han skal ha skrive fleire oratorium som har gått tapt. At Leopold skreiv i ein moderne stil ser ein av at mange av verka hans lenge var tilskrivne Wolfgang.

Ein del av dei tidlegaste musikkverka til Wolfgang var etter alt å døme skrive av Leopold. Fram til 1766, då Wolfgang var 10 år gamal, var sannsynlegvis Leopold ein viktig kompositorisk samspelar for han; etter dette fungerte han hovudsakleg som korrekturlesar og redaktør, og ein finn endringar gjort av han i dei fleste musikkhandskriftene til Wolfgang fram til byrjinga av 1770-talet. Sjølv etter dette passa Leopold ofte på å datera verka til Wolfgang, noko som har vore svært viktig for seinare forsking.

Leiketøyssymfonien tilhøyrer ein genre som var kultivert i området kring Salzburg. Han har vore tilskrive både Leopold og Joseph Haydn, men er mest sannsynleg ikkje av nokon av dei.

For eit norsk publikum kan det vere av spesiell interesse å merka seg at ei notebok tilskrive Leopold inneheld satsen «Burlesque», som nesten er identisk med Pål sine høner. Det har tradisjonelt vore sagt at Leopold gav denne til Wolfgang i 1762, men i dag er det tvil om boka eigentleg har noko med dei to å gjera.

Leopold som musikkpedagog

Boka Versuch einer gründlichen Violinschule (1756) er rekna som eitt av dei meste sentrale fiolinpedagogiske verka frå 1700-talet. Ho gjev ei grundig innføring i speleteknikken i område der tyske og italienske tradisjonar møttest. I Leopolds eiga levetid blei Versuch gjeve ut i fleire opplag på tysk, og blei omsett til nederlandsk og fransk; i moderne tid har boka vore viktig som kjelde for fiolinteknikk kring midten av 1700-talet.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg