Faktaboks

Kristian Tonning Riise
Fødd
27. oktober 1988, Stange, Innlandet
Kristian Tonning Riise.

Kristian Tonning Riise er politikar, tidlegare leiar i Unge Høgre i 2014–2018 og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Hedmark.

Bakgrunn

Kristian Tonning Riise er fødd i Stange kommune i Hedmark (no Innlandet). Han var elev på musikklinja ved Stange videregående skole i 2004–2007, tok musikk- og teaterlinja ved Romerike Folkehøgskole i 2008–2009 og studerte grunnfag i idéhistorie ved Universitetet i Oslo i 2009–2010. Han var songar og guide ved Hedmarksmuseet i 2008, praktikant i Civita hausten 2009 og prosjektmedarbeidar same stad i 2011–2014.

Politisk karriere

Tonning Riise var leiar av Hedmark Unge Høgre i 2008–2010 og leiar av Stange Unge Høgre i 2011–2012. Han arbeidde samstundes som valkampmedarbeidar for Hedmark Høgre i 2009, deretter som informasjonsrådgivar i Unge Høgres Landsforbund i 2010–2011. Han var medlem av Unge Høgre sitt sentralstyre i 2012–2014 og 2014–2018.

Tonning Riise var leiar i Unge Høgre i 2014–2018. Riise trekte seg som leiar i Unge Høgre i januar 2018, eit halvt år før han skulle gå av. Grunngjevinga var at han ikkje hadde vore medviten nok rolla si som leiar i sosiale samanhengar. Han opplyste om at metoo-kampanjen var bakgrunnen for avgjerda.

Tonning Riise var kommunestyrerepresentant for Høgre i Stange og medlem av fylkestinget for Hedmark i 2011–2019. Han var 1. nestleiar i Hedmark Høgre frå 2014 og 2. vararepresentant for Høgre frå Hedmark på Stortinget i 2013–2017. Ved valet i 2017 var han førstekandidat til Stortinget for Hedmark Høgre og fekk fast plass på Stortinget. I perioden 2017–2021 var han medlem av arbeids- og sosialkomiteen. Han stilte ikkje til attval ved stortingsvalet i 2021.

Tonning Riise har mellom anna debattert om legalisering av hasj, fjerning av fedrekvoten og kontantstøtta, reduksjon av stillingsvernet i arbeidslivet og lengre normalarbeidsdag.

Utgjevingar

I 2013 skreiv Tonning Riise bok om den dåverande presidenten i Venezuela Hugo Chávez, Diktator i forkledning.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg